Pinse er ei kristen høgtid som vert feira femti dagar etter at Jesus stod opp igjen påskedag. Ho er til minne om at Den heilage anden kom til apostlane, og vert rekna som fødselsdagen til den kristne kyrkja.

Russisk pinseikon
Kva tid fell pinsa?

(i vestleg kristendom)

Kyrkjefargen for pinsen er raud; like flammande som den heilage anden. Pinsevennene har teke namnet sitt fordi dei legg vekt på Den heilage anden som er i kvar enkelt.

Namnet «pinse» stammar frå det greske ordet «pentekoste», som betyr femtiande. Dette var opphavleg namnet for den jødiske høgtida sjabu‘ót som vert feira den femtiande dagen etter pesah.

I eldre nynorsk har kvitsundag vore ein vanleg nemning på pinsedagen (jf. den islandske nemninga hvítasunnudagur).

På engelsk er namnet på pinsedange Whitsnu. I Yorkshire og Lancashire i England, der kyrkjelydar kunne gå i Whit Walks, pinseopptog med musikk til medan dei bar nye klede, gjerne kvite. Sør i Yorkshire gjekk ungar på besøk til naboar for å visa fram dei nye kleda sine og kanskje få nokre pengar for det.[1]

2. pinsedag, det vil seie måndagen rett etter pinsedag, er offentleg fridag i Noreg og i mange andre europeiske land.

Pinse er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.

Kjelder endre

  1. Jacqueline Simpson and Steve Roud (2003), «Whitsun», A Dictionary of English Folklore, Oxford University Press, ISBN 9780198607663 
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.