RS «Astrid Finne»

RS 43 «Astrid Finne»
Verft:  Anker & Jensen, Asker
Konstruktør:  Johan Anker
Byggjeår:  1937
Byggjepris:  124 000 kroner
Finansiering:  Alfred Larsen
Eigenskapar
Materiale: Teak på galvaniserte stålspant
Lengde:  18,50 meter
Breidde:  5,45 meter
Djupgåande:  2,60 meter
Seglareal:  81,3 m³
Motor år:  1937
Motor:  90/140 hk
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1937
Ut av teneste:  1954
Menneskeliv berga:  34
Fartøy assistert:  477

RS 43 «Astrid Finne» var ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1937. Ho var den einaste redningsskøyta som vart konstruert og bygd av Johan Anker. Han brukte same prinsippet som han brukte på seglbåtane han bygde. Tidlegare skøyter var bygde med grodde spant av eik og furu. Anker brukte galvaniserte stålspant. Undervasskroget var av teak. Resten av huda av oregon pine. «Astrid Finne» var og første redningsskøyta med limt mast. Masta var og laga av oregon pine.

«Astrid Finne» var ei gåve frå Alfred Larsen. Med ei lengs på 18,5 meter var ho litt lenger enn skøytene laga av Bjarne Aas. Breidda var 5,45 meter. Denne skøyta var den dyraste som Redningsselskapet til då hadde bygt, kroner 14 000. Ho fekk innsett ein 90/140 hk Wichman motor.

Johan Anker rigga «Astrid Finne» med bermudarigg. Denne vart snart utbytt med gaffelrigg.

KjelderEndra

  • Elin Kragset Vold og Ole Engen: Johan Anker. Linjenes mester Larvik 2003