Hestekraft

(Omdirigert frå Hk)

Hestekraft (forkorta hk)[1] er ei gamal eining for effekt, men det er ikkje ei SI-eining. Eininga hestekraft er no eigenleg erstatta av eininga watt (i praksisk kW, kilowatt = tusen watt), men er likevel framleis uoffisielt i bruk når det gjeld motorkøyretøy. I vitskapleg samanheng bruker ein måleeiningar i SI-systemet, der watt er måleeining for effekt.

Labor (1884). Måleri av Nils Kreuger av ein hest som dreg eit treskjeverk.

Det var Thomas Savery som fyrst nytta omgrepet hestekrefter, men det var James Watt som definerte eininga ved at han eksperimentelt slo fast at ein hest som på den tida blei nytta i dei engelske gruvene, gjennomsnittleg var i stand til å heise ei last på 33 000 pund éin fot opp på eitt minutt. Dette tilsvarar ca. 75 kg éin meter opp på eitt sekund. Denne eininga blei så nytta til å rekne ut kor mange hestar ei dampmaskin var god for.

Ei sekshestekrefters dampmaskin kunne såleis erstatte seks hestar. Ein har i ettertid funne at få hestar er i stand til å levere så mykje som éin hestekraft over tid, slik at dampmaskinene til James Watt faktisk erstatta fleire hestar enn det var lova.

Eininga hestekraft blir i dag stort sett berre brukt av historiske grunnar og gamal vane når det gjeld til dømes å oppgje effekten av motorar, særleg i bilar, og er i ferd med å bli avløyst av kilowatt. Ein tommelfingerregel for omrekning er at 1 hk er ¾ kW. Britiske horsepower med symbol hp er lik 1,0139 hestekrefter (hk).

Hestekraft og kilowatt endre

Ein hestekraft, som på tysk heiter Pferdestärke (PS) og på fransk cheval-vapeur (ch), er altså tradisjonelt definert som 75 kilopondmeter per sekund (kpm/s), som svarar til effekten av å lyfte opp ei tyngd på 75 kilogram ein meter rakt opp i lufta frå jordoverflata på eitt sekund. Ettersom eitt kilopond svarar til 9,80665 newton, vert ein hestekraft det same som 735,49875 watt. I engelskspråklege land, der hestekraft vert kalla horsepower (hp eller bhp) og definert som 33 000 footpoundforce per minutt (som var James Watts definisjon), svarar ein horsepower til om lag 745,7 W

Då ein no nyttar eininga kilowatt når det gjeld motoreffekten i køyretøy, vert altså:

  • 1 hk = 0,73549875 kW
  • 1 kW = 1,359621617 hk
  • 1 hp = 0,745699872 kW

Kjelder endre