RS 5 «Liv»
"Sommeråpent" på RS "Liv".jpg
TV-sending ombord i «Liv», 2002.
Foto: Redningsselskapet

Leverandør:  Thor Jensen
Verft:  Porsgrunds Baatbyggeri
Konstruktør:  Lauritz Christian Stephansen og Colin Archer
Byggjeår:  1893
Byggjepris:  9 822,12 kroner
Finansiering:  Kosta av NSSR
Eigenskapar
Lengde:  14,37 meter
Breidde:  3,89 meter
Djupgåande:  2,52 meter
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1894
Ut av teneste:  1932
Menneskeliv berga:  132
Fartøy assistert:  1379

RS 5 «Liv» er ei tidlegare redningsskøyte som Redningsselskapet fekk bygt i 1893. Etter at generalmøtet i 1892 hadde gått inn for å satse på redningsskøyter, vart det utlyst ein konkurranse om beste redningsskøytekonstruksjonen. Vinnarutkastet, «Stjernen», vart levert av skipsreiar Lauritz Christian Stephansen frå Arendal. Komiteen som skulle dømme skøytekonstruksjonane fann ikkje at det kunne byggast etter Stephansen sin konstruksjon utan endringar. Colin Archer, som var med i komiteen, fekk i oppdrag å gjere dei naudsynte endringane. Colin Archer og Stephansen var usamde når det galdt rigginga. Archer heldt på ei mast, slik som på losskøytene. Stephansen kunne vise til svært gode erfaringar med segling av tomasta fartøy. Det enda med at denne skøyta, og dei seinare seglande redningsskøytene, fekk to master.

Den største endringa Archer gjorde på skøyta var at vekta av jarnkjølen vart auka frå 2,75 tonn til 7 tonn. Ho vart og gjort noko fyldigare og litt lenger.

Ho vart bygd av Thor Jensen ved Porsgrunds Baatbyggeri. Ved sjøsettinga i 1894 fekk ho namnet «Liv». Etter at ho hadde vorte brukt som losskøyte nokre månadar vart ho sett i kryss i Finnmark. Ho segla ikkje tilfredsstillande. Colin Archer måtte teikne ny rigg. Etter nyrigginga i 1895 var «Liv» kjend som ei skøyte som segla godt. Men ho var noko tungmanøvrert i tronge farvatn. Det vart ikkje bygd fleire redningsskøyter av denne typen.

I dei 38 åra ho vart brukt av Redningsselskapet redda «Liv» 132 menneske frå "ein sikker daude". Ho berga eller assisterte 1379 fartøy. I 1932 var skøyta seld til distriktslækjar Bjerknes i Hamnevik.

Mannskapet på RS «Liv» vart heidra med Emile Robins belønning for krysningssesongen 1907-1908, og for 1922 og 1929.

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002

BakgrunnsstoffEndra

  • RS «Liv» i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren