RS «Stadt»
RS 9 «Stadt» | ||
Leverandør: | Rasmus Rolfse | |
Verft: | Nyhavn Værft, Bergen | |
Konstruktør: | Colin Archer | |
Byggjeår: | 1895 | |
Byggjepris: | 1020,86 kroner | |
Finansiering: | Bergen Kreds av NSSR | |
Eigenskapar | ||
Lengde: | 14,o5 meter | |
Mannskap: | 4 | |
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1895 | |
Ut av teneste: | 1931 | |
Menneskeliv berga: | 159 | |
Fartøy berga: | 44 | |
Fartøy assistert: | 1187 | |
RS 9 «Stadt» var ei tidlegare redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1895. Til liks med RS «Bergen» vart ho bygd av Rasmus Rolfsen ved Nyhavns Verft i Bergen. Skipsbyggarmeister Oluf Joachim Hilmar gjorde ein del endringar på Colin Archer sine teikningar.
«Stadt» kosta kroner 1020,86, og vart finansiert av Bergen Kreds av NSSR.
Mannskapet på RS «Stadt» vart heidra med Emile Robins belønning for krysningssesongen 1906 - 1907 og 1912 - 1913. Medan ho segla for Redningsselskapet redda ho 159 menneske frå ein sikker daude. Ho berga eller assisterte 1231 fartøy.
I 1931 vart ho skøyta seld tildistriktslækjar Bjarne Gaarder på Hamarøy.
Kjelder
endre- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene (Norsk Maritimt Forlag 2002)