RS «Thomas Fearnley»
redningsskøyte
RS 46 «Thomas Fearnley» | ||
Verft: | K. Christensen & Co. | |
Konstruktør: | Bjarne Aas | |
Byggjeår: | 1938 | |
Byggjepris: | 76 217,70 kroner | |
Oppkalla etter: | Thomas Fearnley | |
Eigenskapar | ||
Materiale: | Tre | |
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1938 | |
Ut av teneste: | 1967 | |
Menneskeliv berga: | 109 | |
Fartøy berga: | 7 | |
Fartøy assistert: | 621 | |
Sjuketransport: | 70 | |
RS 46 «Thomas Fearnley» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1938. Ho vart konstruert av Bjarne Aas, og bygd av K. Christensen & Co. i Risør . Ho var den niande av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassa som vart bygd for Redningsselskapet. Ho er oppkalla etter skipsreiar Thomas Fearnley.
I 1967 vart ho teken ut or teneste og seld. Medan ho tenestegjorde som redningsskøyte berga ho 109 personar frå «ein sikker daude», 7 fartøy vart berga frå totalforlis. Det var gitt assistanse til totalt 621 fartøy.
«Thomas Fearnley» er no (2011) i privat eige og høyrer heime i Midsund i Romsdal.
- Denne artikkelen bygger på «RS «Thomas Fearnley»» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2011.