Rabbinsk ordinasjon

Rabbinsk ordinasjon er ei offisiell handlinga som medfører at ein kandidat med eit dokumentert eller demonstrert kunnskaps- og ferdigheitsnivå blir utnemnd til rabbinar. Det finst tre hovudmåtar dette kan skje på:

  1. Utnemning gjennom ein Bet din (religiøs domstol). Dette er den tradisjonelle måten i sefardisk jødedom.
  2. Utnemning ved personleg semikhá — det vil seie ved handspålegging frå ein allereie etablert rabbinar. Dette er den tradisjonelle ordinasjonen i askenasisk jødedom sidan 1500-talet.
  3. Utnemning frå eit rabbinsk seminar ved fullføring av eit utdanningsprogram der.
    Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.