Rabiusa
Rabiusa (retoromansk Rabiosa[1] er ei 32 km lang sideelv til Rhinen. Elva spring ut i distriktet Hinterrhein i kantonen Graubünden i fjella kring Bärenhorn (2929 moh), der den gamle ridestien frå Safien til Splügen kryssar Safierbergpasset (2486 moh). Ho renn så gjennom den skogkledde Safiendalen og inn i Versam-gjelet, som vert kryssa av brua Versamer Tobelbrücke. Samløp med Vorderrhein ligg i den like djupe Ruinaulta.
Rabiusa | |||
elv | |||
Rabiusa
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• høgre | Carnusbach | ||
Lengd | 32,5 km | ||
Kjelde | Bärenhornfjella i Hinterrhein | ||
- koordinatar | 46°35′3″N 9°14′44″E / 46.58417°N 9.24556°E | ||
Munning | Samløp med Vorderrhein i Versamkløfta | ||
- koordinatar | 46°48′16″N 9°19′49″E / 46.80444°N 9.33028°E | ||
Rabiusa 46°48′16″N 9°19′49″E / 46.8044°N 9.33028°E | |||
Wikimedia Commons: Rabiusa |
Carnusbach munnar ut i Rabiusa i ei grend oppfor landsbyen Safien-Platz.
Landsbyen Walser i Safien er den einaste kommunen langs elva.
Kjelder
endre- ↑ http://www.peter-hug.ch/lexikon/Rabiosa www.peter-hug.ch
- Denne artikkelen bygger på «Rabiusa» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Den tyske versjonen av artikkelen