Race Today
Race Today var eit politisk tidsskrift som kom ut i Storbritannia mellom 1969 og 1988. Det var eit viktig organ for britisk minoritetspolitikk i på 1970-talet.
Race Today | |||
Oppretta | 1969 | ||
---|---|---|---|
Nedlagd | 1988 | ||
Språk | engelsk |
Bladet blei opphavleg gjeve ut kvar månad av Institute of Race Relations, seinare kom det ut annankvar månad. I 1973 blei utgjevinga teken over av Race Today-kollektivet, der kjende figurar som Darcus Howe, Farrukh Dhondy og Linton Kwesi Johnson var med.
Historie
endreRace Today var opphavleg eit akademisk blad, skipa i 1969 av tankesmia Institute of Race Relations.[1][2] Frå 1973 blei bladet gjeve ut av den Brixton-baserte gruppa Race Today Collective.[1][3] Denne gruppa gjekk inn for ei meir politisk tilnærming som bygde på ei blanding av libertariansk marxisme og radikal anti-rasisme.[1][3]
Den første redaktøren for tidsskriftet under denne nye leiarskapen var journalisten og kringkastaren Darcus Howe.[2] Howe var djupt inspirert av den trinidadiske marxisten C.L.R. James, og under hans tid blei Race Today ei leiande røyst for svart politisk journalisme i Storbritannia.[1] Farrukh Dhondy, som seinare skreiv ein biografi om C.L.R. James, byrja karrieren sin som skribent ved Race Today i 1970.[4] Eit anna kjend medlem av Race Today-kollektivet var diktaren Linton Kwesi Johnson, som blei med i 1974.[3]
På midten av 1970-talet knytte Race Today-kollektivet seg til Black Parents Movement skipa av John La Rose, ein trinidadisk-fødd aktivist og tidlegare leiar for Institute of Race Relations in 1972 and 1973.[5] Det hadde også sterke band til Notting Hill-karnevalet.[6]
I 1978 byrja bladet koma ut annakvar månad i staden for kvar månad.[7] Både bladet og Race Today-kollektivet blei oppløyst i 1988.[1]
Race Today Publications var ein av organisasjonane bak International Book Fair of Radical Black and Third World Books, saman med New Beacon Books og Bogle-L'Ouverture Publications.[8] Denne tilstellinga blei arrangert frå 1982 og heilt til 1995.
Redaktørar
endre- Peter Watson (1969-1970)
- Alexander Kirby (1970-1973)
- Ian Macdonald (gjesteredaktør, desember 1973)
- Darcus Howe (1974-1984)
- Leila Hassan (1985-1988)[9]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dr Evan Smith (2010). «Conflicting Narratives of Black Youth Rebellion in Modern Britain». Ethinicity and Race in a Changing World: A Review Journal 1 (3): 16–31.
- ↑ 2,0 2,1 Ionie Benjamin (1995). The Black Press in Britain. Trentham Books. s. 4. ISBN 978-1-85856-028-1. Henta 14. august 2011.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Forbes; Peter (2002). «comtemporarywriters.com». Linton Kwesi Johnson. Arkivert frå originalen 16. desember 2010. Henta 13. mai 2009.
- ↑ Alison Donnell (2002). Companion to Contemporary Black British Culture. Taylor & Francis. s. 97. ISBN 978-0-415-16989-9. Henta 11. august 2011.
- ↑ Linton Kwesi Johnson (4. mars 2006). «John La Rose (obituary)». The Guardian (UK). Henta 15. august 2011.
- ↑ Simon Featherstone (2005). Postcolonial Cultures. Edinburgh University Press. s. 228. ISBN 978-0-7486-1743-2. Henta 14. august 2011.
- ↑ Staff. «Race Today Publications». George Padmore Institute. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 17. august 2011.
- ↑ Sarah White, Roxy Harris & Sharmilla Beezmohun (eds), A Meeting of the Continents: The International Book Fair of Radical Black and Third World Books – Revisited, London: New Beacon Books/George Padmore Institute, 2005, s. vi.
- ↑ https://www.wcml.org.uk/contents/protests-politics-and-campaigning-for-change/black-and-asian-struggles/race-today/
- Denne artikkelen bygger på «Race Today» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2019.