International Book Fair of Radical Black and Third World Books
The International Book Fair of Radical Black and Third World Books, ofte berre kalla The Black Book Fair,[1][2] var ei bokmesse halden i London i England frå 1982 og fram til 1995.[3] Ho førte saman utgjevarar, intellektuelle og utdannarar med ei tilkyting til etniske minoritetar og den tredje verda.[4]
Bokmessa blei skipa av tre forlag: New Beacon Books, Race Today Publications og Bogle-L'Ouverture Publications.[5] Ho blei halden 12 gongar: årleg frå 1982 til 1991, og den annakvart år i 1993 og 1995.[6] Dei første tre tilstellingane fann stad i ulike delar av London — Islington, Lambeth og Acton — etter dei respektive hovudkontora til dei tre grunnleggjande forlaga. Frå 1985 blei det også halde tilknytte messer andre stader i landet, som Manchester (1985–91, 1995), Bradford (1985–93), Leeds (1993, 1995) og Glasgow i 1993 og 1995.[7] I 1987 og 1988 blei det også halde ei tilknytt tilstelling — Caribbean Peoples International Bookfair and Bookfair Festival — på Trinidad, organisert av Oilfields Workers Trade Union der.[5]
Deltakarar på messa kom frå Karibia, Afrika, Asia, Sentral-Amerika, USA, Storbritannia og elles i Europa, både for å stilla ut, bestilla og distribuera bøker og for å ta del i hendingane organisert rundt messa, som politiske diskusjonar, kulturelle framføringar av til dømes poesi og prosa, drama, musikk og film.[6] Nokre kjende deltakarar gjennom åra har vore John Agard, Ama Ata Aidoo, Tariq Ali, May Ayim, Imruh Bakari, Biyi Bandele, Amiri Baraka, James Berry, Valerie Bloom, Jean Binta Breeze, Yvonne Brewster, Dennis Brutus, Robert Chrisman, Merle Collins, Carolyn Cooper, Fred D'Aguiar, Melvin Edwards, Nuruddin Farah, Edouard Glissant, Lorna Goodison, Roy A. K. Heath, Tim Hector, bell hooks, Gus John, Linton Kwesi Johnson, June Jordan, Jackie Kay, Shake Keane, James Kelman, Talib Kibwe, Errol Lloyd, Earl Lovelace, Jack Mapanje, E. A. Markham, Paule Marshall, Pauline Melville, Louise Meriwether, Adrian Mitchell, Nancy Morejon, Lionel Ngakane, Pitika Ntuli, Odia Ofeimun, Olu Oguibe, Ben Okri, Kole Omotoso, Oku Onuora, Horace Ové, Alex Pascall, Okot p'Bitek, Caryl Phillips, John Pilger, Cecil Rajendra, Sonia Sanchez, Lawrence Scott, Mongane Wally Serote, Janice Shinebourne, Lemn Sissay, Mikey Smith, Pearl Springer, Wangui wa Goro og Randy Weston.[8]
Komiteen som organiserte messa avgjorde i februar 1997 at ho ikkje skulle vidareførast i same form. I staden føreslo han å laga til likande tilstellingar i same and, mellom anna gjennom å utvikla George Padmore Institute.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «International Book Fair of Radical Black and Third World Books» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2019.
- ↑ Margaret Busby, "John La Rose Obituary", Publishing News, 2006. Gjenutgjeve på nettstaden til George Padmore Institute.
- ↑ "Preserving our literary heritage – Janice Lowe Shinebourne – An Enabling Literary Culture (part 2)", Guyana Chronicle, 13. april 2013.
- ↑ Gus John, "La Rose, John Anthony" i Lawrence Goldman (red.), Oxford Dictionary of National Biography 2005-2008, Oxford: Oxford University Press, p. 684.
- ↑ Elizabeth M. Williams, The Politics of Race in Britain and South Africa: Black British Solidarity and the Anti-apartheid Struggle, I.B. Tauris, 2015, s. 167.
- ↑ 5,0 5,1 Sarah White, Roxy Harris & Sharmilla Beezmohun (eds), A Meeting of the Continents: The International Book Fair of Radical Black and Third World Books – Revisited, London: New Beacon Books/George Padmore Institute, 2005, s. vi.
- ↑ 6,0 6,1 "The International Book Fairs" Arkivert 2015-09-30 ved Wayback Machine., George Padmore Institute, Archive Catalogue.
- ↑ "The International Book Fairs" Arkivert 2015-09-30 ved Wayback Machine., George Padmore Institute Archive Catalogue.
- ↑ White, Harris & Beezmohun (eds), A Meeting of the Continents: The International Book Fair of Radical Black and Third World Books – Revisited, 2005.
- ↑ "Statement: The International Book Fair of Radical Black and Third World Books", A Meeting of the Continents, 2005, s. 22.