Radiata
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Radiata (fleirtyding).
Radiata er ein taksonomisk rang som har vore brukt til å klassifisera radiært symmetriske dyr. Omgrepet Radiata har vore brukt om fleire ulike grupper av dyr. Mange av desse utgjer ikkje ei naturleg eller monofyletisk gruppe med ein felles stamfar ut frå det ein no veit om evolusjon. På grunn av konvergent evolusjon der organismar av ulik avstamming kan få liknande trekk, blir omgrepet i dag hovudsakleg brukt i historisk samanheng.[1]
Radiata | |
Louis Agassiz i 1870 med teikningar av dyr som då var rekna til Radiata | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Radiata Eumetazoa |
Dei to manetgruppene Ctenophora og Cnidaria blei sameinte til Radiata tidleg på 1800-talet av Georges Cuvier.[2] I 1983 omdefinerte Thomas Cavalier-Smith Radiata som eit underrike danna av Myxozoa, Placozoa, Cnidaria og Ctenophora.[3] Lynn Margulis og K.V. Schwartz tok seinare Radiata inn i sin taksonomi med fem rike, denne gongen med berre Cnidaria og Ctenophora.[4]
Kjelder
endre- ↑ Hadzi, J (1963). The Evolution of the Metazoa. New York, NY, USA: The Macmillan Company. s. 56–57. ISBN 0080100791.
- ↑ Cuvier, Georges (1817). Le Règne Animal Distribué Selon son Organisation, pour Servir de Base à l’Histoire Naturelle des Animaux et d’Introduction à l’Anatomie Comparée. Paris: Déterville.
- ↑ Cavalier-Smith, T (1983). A 6-kingdom classification and a unified phylogeny. in Endocytobiology II. Walter De Gruyter Inc. s. 1027–1034. ISBN 3110086603.
- ↑ Margulis, Lynn (1988). Five Kingdoms: An illustrated Guide to the Phyla of Life on Earth. New York, NY, USA: W. H. FREEMAN AND COMPANY. ISBN 0716730278.
- Denne artikkelen bygger på «Radiata» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2017.