Konvergent evolusjon

Konvergent evolusjon er eit vitskapleg omgrep i evolusjonsbiologien for fenomenet der liknande genetiske eller morfologiske strukturar utviklar seg åtskilt i ulike ikkje-relaterte organismar. Eigenskapane blir ikkje utvikla likt fordi dei deler ein felles stamfar, men på grunn av eit liknande levesett i same type miljø.[1][2] Karaktertrekka som oppstår gjennom konvergent evolusjon blir kalla analogiar eller homoplasier. Dette fenomenet førekjem i dyreriket så vel som i planteriket.

Kranium frå ein pungulv (Thylacinus cynocephalus) til venstre jamført med eit nesten identisk kranium frå ein ulv (Canis lupus). Dette er to artar som har utvikla seg frå heilt ulike opphav, dei er berre fjernt nærskylde, frå ulike infraklassar.

Vengen er eit klassisk døme på konvergent evolusjon. Sjølv om den siste felles stamfaren for fuglar og flaggermus ikkje hadde venger, er begge grupper i stand til å flyge. Vengene er like i konstruksjon på grunn av fysiske avgrensingar pålagt av vengeforma. Likskap kan òg forklarast med felles opphav. Vengene vart endra frå lemmar, dokumentert av beinbygningen.[3]

Likskapen mellom pungdyr i Australia og høgare pattedyr i «den gamle verda» er eit anna døme. Både pungdyr og pattedyr utgjer sin eigen klade, dvs alle pungdyr har ein felles forfar som ikkje har nokre andre levande avkom enn berre pungdyr, og likeins er det med høgare pattedyr. Artar innanfor same klade er meir i slekt med kvarandre enn med dei andre kladene, men likevel har veldig liknande former utvikla seg i dei to isolerte populasjonane.[3]

Det motsette av konvergent evolusjon er divergerande evolusjon, der nærskylde artar utviklar ulike eigenskapar.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Farabee, Michael J. (2003) On-Line Biology Book: Glossary Arkivert 2010-02-10 ved Wayback Machine.. Online Biology Book. Avondale, Arizona: Estrella Mountain Community College. Henta 7. januar 2012.
  2. Definisjon hos Biologisk institutt, UiO
  3. 3,0 3,1 Conway Morris, Simon (2005). Life's solution: inevitable humans in a lonely universe. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-52-160325-0. OCLC 156902715. doi:10.2277/0521827043. 

Bakgrunnsstoff endre