Rafael Márquez

meksikansk fotballspelar

Rafael Márquez Álvarez (fødd 13. februar 1979 i Zamora i delstaten Michoacán) er ein mexicansk fotballspelar. Han har spela for Barcelona i spansk Primera Division og Mexico sitt landslag. Márquez har vunne den franske serien med Monaco i 2000 og den spanske serien med Barcelona fire gonger, i 2005, 2006, 2009 og 2010. Han har òg vunne den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2006 og 2009. Han vart kåra til beste forsvarsspelar i den franske ligaen i 2000, då han spelte for Monaco. Han var med på å vinna CONCACAF Gold Cup med Mexico i 2003.

Rafael Márquez
Rafael Márquez Álvarez (2009).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Rafael Márquez Álvarez
Fødd 13. februar 1979
Fødestad Zamora
Høgd 183 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Barcelona
Nummer 4
Ungdomsklubbar
Mexico Atlas
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996-99
1999-2003
2003-
Mexico Atlas
Monaco Monaco
Spania Barcelona
77 (6)
87 (5)
164 (9)
Landslag
1997- Mexico Mexico 91 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. oktober 2009