Rafting er ein aktivitet som går ut på å navigera ein flåte ned ei elv. Rafting blir gjerne utført i stryk og elver der vatnet renn raskt. Det blir nytta ei åre til padling eller til å styra flåten med.

Rafting i Brotas i Brasil.

Vansken på elva blir rangert på ein skala frå 1 til 6:

  1. Grad 1: Flatt vatn.
  2. Grad 2: Vatn i rørsle. Få eller ingen hindringar.
  3. Grad 3: Sterk straum med hindringer og stryk. Manøvrering er naudsynt.
  4. Grad 4: Sterk straum med store stryk og vanskelege passasjar. Manøvrering er vanskeleg, risiko for flip (at båten går rundt).
  5. Grad 5: Ekstremt vanskeleg og berre for spesielt interesserte.
  6. Grad 6: Umogleg å rafta.

Rafting i Noreg endre

I Noreg er Voss[1] og Sjoa i Heidal mykje nytta rafting- og vassportelvene. Sjoa blir omtalt som ein god rafteelv.[2] Elvene i Skjåk blir òg brukt mykje til rafting. Også Otra blir brukt til rafting ved Syrtveit i Evje og Hornnes kommune. I Jølstra har det vore drive rafting sidan 1991, kommersielt sidan 1997.[3]

 
Rafting på Trysilelva.

Numedalslågen i Dagali er òg velkjend i raftemiljøet.[2]

Raftingulukker endre

Rafting krev både lokalkunnskap, eigna utstyr og trening. I Sjoa er 13 menneske drukna i samband med rafting i perioden 1989-2010.[4] Sjoa og Sogndalselva blir rekna som lunefulle og vanskelege for rafting.[5]

Kjelder endre

  1. Granli, Lene (24. juni 2018). «Så fornøyd er Erna etter sin første raftingtur» (på norsk bokmål). Henta 2. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 Mol, Torild (25. mars 2016). «Kom deg ut! Det ingen grunn til å sitte inne når snøen smelter» (på norsk). Henta 2. juni 2019. 
  3. Lillesvangstu, Tone Merete (16. juli 2014). «Kan bety slutten for raftingselskap» (på norsk bokmål). Henta 2. juni 2019. 
  4. Klungtveit, Harald S. (24. juli 2010). «13 omkomne de siste 20 åra» (på norsk). Henta 2. juni 2019. 
  5. Molde, Hanne Marie (2. juli 2008). «Åtvarar mot Sogndalselva» (på norsk bokmål). Henta 2. juni 2019.