Otra
Otra er den største elva på Sørlandet. Ho renn frå Setesdalsheiane i Bykle kommune i nord til Kristiansand i Agder fylke i sør. Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finst den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden.
Otra | |||
elv | |||
Otra renn ut ved Kristiansand.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Nedslagsfelt | 3 740 km² | ||
Renn gjennom | Kristiansand | ||
Lengd | 245 km | ||
Middelvassføring | 150 m³/s | ||
Kjelde | Setesdalsheiane | ||
Munning | Kristiansand | ||
Otra 59°37′12″N 7°25′38″E / 59.619961°N 7.427355°E | |||
Wikimedia Commons: Otra |
Elveløpet
endreOtra er 245 kilometer lang og er dermed den åttande lengste elva i Noreg. Middelvassføringa er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med om lag 1000 m³/s. Nedslagsfeltet er 3740 km² stort.
Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden.
Fisk
endreLaks
endreI Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarer seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørfeltet øvst i Setesdal som gjev elvevatnet ei viss bufferevne mot forsuring.
Fangstane dei siste åra har vore varierande:
- 2001: 7,2 tonn
- 2002: 5,3 tonn
- 2003: 7,4 tonn
- 2004: 5,8 tonn
- 2005: 9,9 tonn
- 2006: 10,7 tonn
- 2007: 5,9 tonn
Bleke
endreBleke er ein laksefisk som berre finst i Otravassdraget.
Ørekyte
endreÒg karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Det er funne ørekyte i heile vassdraget sør til Byglandsfjorden. Denne fisken er uønskt i vassdraget, og ein arbeider for å hindre vidare spreiing.
Regulering
endreOtra er ei av Noregs mest regulerte elvar med fleire kraftverk:
- Holen kraftverk
- Brokke kraftverk
- Bjørgum småkraftverk
- Hekni kraftverk
- Hovatn kraftverk
- Langerak kraftverk
- Iveland kraftverk
- Nomeland kraftverk
- Steinsfoss kraftverk
- Hunsfoss kraftverk
- Vigelandsfoss kraftverk
I tillegg til kraftstasjonar er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin:
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Otra» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2008.