Raftsundet

sund i Hadsel og Vågan i Nordland
(Omdirigert frå Raftsund)

68°20′49″N 14°59′53″E / 68.34694°N 14.99806°E / 68.34694; 14.99806

Raftsundet
sund
Land  Noreg
Kart
Raftsundet
68°23′13″N 15°05′01″E / 68.386843°N 15.083535°E / 68.386843; 15.083535
Wikimedia Commons: Raftsundet

Raftsundet (nordsamisk Ráktanuorri) er eit sund i Hadsel og Vågan kommune i Nordland, mellom Hinnøya og Austvågøya.

Trollfjorden i Raftsundet

Sundet er 25 km langt og svært smalt i den nordre delen. I aust er det fjell opptil ca. 700 moh, i vest ei rekkje toppar over 1000 moh. Sundet blir sommarstid besøkt av mange turistskip, derav hurtigruta som går gjennom sundet. Særleg kjent er den vesle og mørke Trollfjorden, som mot vest skjer inn i Austvågøy. Det er bru på E10 over Raftsundet i nord, med eit lengste spenn på 298 meter. Langs austsida av sundet er det fylkesveg.

Fyrste ledd i namnet kjem av norrønt raptr, stokk.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre