Ragnhild Brochmann

Ragnhild Brochmann (fødd i 1984) er ein norsk kunst- og motehistorikar og journalist, kjent for mange som Estetikeren i Morgenbladet.[1][2]

Ho har ein mastergrad i estetiske studium frå Universitetet i Oslo. Brochmann er medredaktør i den uavhengige motepublikasjonen Tableau Paper og har fartstid som film- og scenekunstmeldar og moderator for ulike debattforum. Ho har tidlegare jobba som journalist og programleiar for NRK Skole.[3]

I juli 2019 var ho gjest i radioprogrammet Sommer i P2. Der fortalte ho om korleis det å vere ein håplaus estetikar blei den store redninga for ho då livet blei snudd på hovudet etter ho som 26-åring blei skadd ved eit uhell då ho skulle klatre over eit gjerde.[4]

Hausten 2019 gir ho ut si første bok, Gulliver Blitz og mysteriet med Professor Uglehus.[5]

Kjelder endre

  1. «Ragnhild Brochmann», Scenekunst (på norsk bokmål), henta 29. juli 2019 
  2. Co (W.Nygaard), H. Aschehoug &, «Ragnhild Brochmann», Aschehoug forlag (på engelsk), arkivert frå originalen 29. juli 2019, henta 29. juli 2019 
  3. «Ragnhild Brochmann», Scenekunst (på norsk bokmål), henta 29. juli 2019 
  4. «Sommer i P2 - 28-07-2019», NRK Radio (på norsk), henta 29. juli 2019 
  5. «Sommersnakk med Ragnhild Brochmann», Deichman litteraturbloggen (på norsk bokmål), 23. juli 2019, henta 29. juli 2019