Raidet mot Oyster River

Raidet mot Oyster River (òg kjend som Oyster River-massakren) skjedde under Kong Vilhelm-krigen, den 18. juli 1694. I 1693 hadde engelskmennene i Boston gått inn i ein freds- og handelsavtale med Abenaki-stammenen aust i Massachusetts. Franskemennene i Quebec under guvernør Frontenac ønskte å avbryte forhandligane og sende Claude-Sébastien de Villieu hausten 1693 til dagens Maine med ordre om å setje seg sjølv som leiar for dei akadiske indianarane og leie dei mot engelskmennene.[1] Villieu var vinteren i Fort Nashwaak (sjå omleiringa av Fort Nashwaak i 1696). Indianarar-stammane i regionen var generelt usamde med kvarandre om dei skulle gå til åtak på engelskmennene eller ikkje, men etter diskusjonar med Villieu og etter noko press gjekk dei med på ein offensiv.

Raid on Oyster River
Del av Kong Vilhelm-krigen

Dato 18. juli 1694
Stad Oyster River (i dagens Durham i New Hampshire)
Resultat Siger til Ny-Frankrike og abenakiane
Partar
Massachusetts Bay Colony Ny-Frankrike og Abenaki
Kommandantar
ukjend Claude-Sébastien de Villieu
Styrkar
ukjend 250 abenaki-indianarar
Tap
104 innbyggjarar drepne og 27 tekne til fange ukjend
Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak
Minneplakett om raidet mot Oyster River.

Den engelske busetnaden Oyster River (dagens Durham i New Hampshire) vart angripen av Villieu med om lag 250 abenaki-indianarar. Åtaket starta ved daggry og det vesle fortet fall raskt. I alt vart 104 innbyggjarar drepne og 27 teken til fange,[2]. Halvparten av husa, inkludert garnisonane, vart plyndra og brend til grunnen. Avlingane vart øydelagde og buskapen drepen, noko som gjorde at dei overlevande svelta.

Kjelder endre

  1. Webster, John Clarence. Acadia at the End of the Seventeenth Century. Saint John, NB, The New Brunswick Museum, 1979. s. 57.
  2. Webster, John Clarence. Acadia at the End of the Seventeenth Century. Saint John, NB, The New Brunswick Museum, 1979. s. 65