Raio Piiroja

estlandsk fotballspelar

Raio Piiroja (fødd 11. juli 1979 i Pärnu i Estland) er ein estisk fotballspelar som har spela for Vitesse i nederlandsk Eeredivisie, og spelte i 8 år i norsk fotball, for Vålerenga og Fredrikstad. Han har over 100 landskampar for Estland.

Raio Piiroja
Personleg informasjon
Fødd 11. juli 1979
Fødestad Pärnu
Høgd 190 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Vitesse
Nummer 9
Ungdomsklubbar
Estland Pärnu Rivaal
Estland Pärnu
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-99
1999-2004
2000
2001
2003
2004-11
2011-
Estland Pärnu
Estland Flora
Estland Pärnu (lån)
Estland Valga
Noreg Vålerenga (lån)
Noreg Fredrikstad
Nederland Vitesse
50 (5)
102 (14)
1 (0)
1 (0)
11 (1)
158 (12)
0 (0)
Landslag
1998 Estland Estland 106 (8)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. desember 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 11. september 2011

Piiroja kom til norsk fotball frå Estland i 2003, då han spelte for Vålerenga. Året etter gjekk han over til Fredrikstad. Han vart seriemeister i Estland med Flora frå Tallinn i 2001 og 2002. I 2006 vart han cupmeister i Noreg med Fredrikstad. Han vart kåra til årets estiske fotballspelar i 2002 og 2006, 2007, 2008 og 2009.

Piiroja debuterte for Estland sitt A-landslag 21. november 1998 i ein kamp mot Armenia. Han er landslagskaptein for Estland.