Հայաստանի Հանրապետություն
Hajastani Hanrapetut'jun

(norsk: Armenia, armensk)

Det armenske flagget Det armenske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mer Hayrenik»
Geografisk plassering av Armenia
Offisielle språk Armensk
Hovudstad Jerevan
Styresett
Republikk
Armen Sargsian
Nikol Pashinyan
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
29 743 km² (140.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 045 191 (134.)
102,4 /km² (79.)
Sjølvstende
Frå Sovjetunionen
21. september 1991
Nasjonaldag 21. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
25 220 mill. USD (131.)
8 800 USD (116.)
Valuta Armensk dram
Tidssone UTC +4
Telefonkode +374
Toppnivådomene .am


Armenia er eit land som ligg i fjellkjeda Kaukasus vest i Asia, mellom Svartehavet og Kaspihavet. Landet har ikkje kystlinje og grensar til Tyrkia i vest, Georgia i nord, Aserbajdsjan og den sjølverklærte republikken Nagorno-Karabakh i aust, Iran i sør og den aserbajdsjanske eksklaven Nakhitsjevan i sør-vest. Armenia er medlem av Europarådet og Samveldet av uavhengige statar. Det blir av nokre rekna som del av Europa.

Namn endre

Det tradisjonelle heimnamnet til Armenia er Hajk. I mellomalderen blei namnet utvida til Hajastan med det persiske suffikset -stan (land). Namnet blir ført tilbake til nasjonalhelten Hajk, som skal vera stamfaren til armenarane og tippoldebarnet til bibelske Noah.

Armenia er eit eksonym brukt av persarar i 515 f.Kr. (Armina) og gamle grekarar. Dette namnet skal stamma frå Aram, ein etterkomar av Hajk.

Geografi endre

Sjå òg Armensk geografi

Armenia ligg mellom 38° 51' og 41° 16' nordleg breidd, 43° 29' og 46° 37' austleg lengd. Det grensar til Tyrkia i vest, Aserbajdsjan sin eksklave Nakhitsjevan og til Iran i sør, Aserbajdsjan i aust og Georgia i nord.

Armenia er eit fjelland, 90 % av landet ligg høgre enn 1000 meter over havet. Fjellkjedene i nord er over 3 000 meter høge. Den inaktive vulkanen Aragats (4 090 m) er den høgste toppen. Jordskjelv er framleis ein betydeleg risiko i landet. Den største innsjøen i Armenia er Sevansjøen, som ligg på 1 900 moh. og har ei flate på 1 417 km2. Aras er den lengste elva. Både Tigris og Eufrat har sine kjelder i Armenia.

Klima endre

Armenia har eit utprega kontinentalklima med varme, nesten tropiske somrar og kalde vintrar, samt store temperatursvingingar mellom dag og natt. Vinteren er kald og snørik. Jerevan har ein årleg nedbørsnormal på 318 mm, og middeltemperaturane varierer frå 34 °C på dagtid i juli til -9 °C om natta i januar. Ein har derimot hatt temperaturar ned mot -27 °C og opp mot 40 °C her.

Historie endre

Armenia er ein svært gammal nasjon med røter tilbake til antikken. Landet vart kristna tidleg på 300-talet. Etter tradisjonen hende dette i 301 og gjeorde Armenia til det fyrste landet i verda som innførte kristendom som statsreligion, tolv år før Roma. Det historiske Armenia omfatta mellom anna delar av Tyrkia.

Under fyrste verdskrigen døydde mellom 500 000 og 1,5 million armeniarar, og det har seinare vore diskusjonar om det kan vere snakk om eit folkemord. Nokre land, blant dei Noreg, meiner at eit folkemord har funne stad, medan fleirtalet og FN ikkje har kome med eit slikt vedtak.

Landet vart i 1921 teke av russiske bolsjevikar og vart i 1936 gjort til Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken. Etter Sovjetunionen fall i 1991 vart landet sjølvstendig og tok avstand frå kommunismen. Det har periodevis vore strid om eksklaven Nagorno-Karabakh med nabolandet Aserbajdsjan. Armenia har tross kritikk frå FN ikkje vore villig til å trekkje seg ut av dei okkuperte områda.

Sjølv om landet geografisk ligg i Asia har det kulturelle samband med Europa. For eksempel er Armenia medlem av fleire europeiske organisasjonar, slik som fotballforbundet UEFA.

Kjende armenarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre