Raise Your Fist and Yell
Raise Your Fist and Yell Studioalbum av Alice Cooper | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. september 1987 | |
Innspelt | 1987 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 36:53 | |
Selskap | MCA | |
Produsent | Michael Wagner | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Alice Cooper-kronologi | ||
Constrictor (1986) |
Raise Your Fist and Yell | Trash (1989)
|
Raise Your Fist and Yell er det 17. studioalbumet til Alice Cooper, gjevne ut 5. september 1987. Det inneheld songen «Prince of Darkness», som det vart nytta eit kort klipp av i John Carpenter-filmen med same namn, der Cooper spelar ein omvandrande mordar. Ein kan høyre songen på Walkman'en til ein av offera. Det vart laga ein musikkvideo for songen «Freedom» som vart ein hitsingel frå albumet.
Albumet heldt fram slaktarfilm-trenden frå det førre albumet til Cooper, Constrictor. På «Lock Me Up» er Robert Englund, som spelte Freddy Krueger i A Nightmare On Elm Street-serien, gjesteartist.
Albumet ser ut til å følgje ei historie om ein seriemordar som er er besett av skrekkfilmar.
Turneen etter albumet, kalla «Live in the Flesh», var berykta i Europa for den biletlege valden og dei teatralske effektane. Showet omfatta mange av dei gamle favorittane til Cooper, som galgen, men òg nye effektar som å spidde ein person med ein sykkel. Mange av effektane var kraftig inspirerte av skrekkfilmane frå denne tida med mykje sceneblod.
Showet vart rekna som så valdeleg at dei tyske styresmaktene Cooper til å fjerne dei valdelegaste effektane frå showet. David Blunkett i det britiske parlamentet prøvde å få heile showet bannlyst i landet, men klarte det ikkje.
Innhald
endreAlle spor skrivne av Alice Cooper og Kane Roberts, bortsett frå der andre er nemnde
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Freedom» | 4:09 | |
2. | «Lock Me Up» | 3:24 | |
3. | «Give the Radio Back» | 3:34 | |
4. | «Step on You» | 3:39 | |
5. | «Not That Kind of Love» | 3:15 | |
6. | «Prince of Darkness» | 5:10 | |
7. | «Time to Kill» | 3:39 | |
8. | «Chop, Chop, Chop» | 3:06 | |
9. | «Gail» | Cooper, Roberts, Kip Winger | 2:30 |
10. | «Roses on White Lace» | 4:27 |
Medverkande
endre- Alice Cooper - Vokal
- Kane Roberts - Gitar
- Kip Winger - Bass
- Paul Horowitz (Paul Taylor) - Klaverinstrument
- Ken K. Mary - Trommer
Lister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1987 | The Billboard 200 | 73 |
1987 | Storbritannia | 48 |
1987 | Sverige | 15 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Raise Your Fist and Yell» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: