Rajkoke
Rajkoke (russisk Райкоке, japansk 雷公計島) er ei lita vulkansk øy med ein diameter på om lag 2,5 km. Ho er 551 meter over havet høg og høyrer til Kurilane i Russland. Vulkanen er framleis aktiv og det siste kjende utbrotet skjedde i 1924.
Rajkoke | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Kurilane | ||
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 551 moh. | ||
Siste utbrot | 1924 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Rajkoke | |||
Wikimedia Commons: Raikoke | |||
Rajkoke er ein av fem store ynglestadar for stellersjøløver i Kurilane og har den største kolonien av havhest i Kurilane. Kaptein Henry James Snow rapporterte i 1883 at 15 000 nordleg pelssel heldt til på øya. Men alt i 1890-åra var det berre få att på grunn av rovdrift av pelsjegarar. I dag er det ikkje pelssel att på Rajkoke i det heile.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Raikoke» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Global Volcanism Program Arkivert 2008-06-23 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: