Rakel Seweriin
norsk politikar
Rakel Seweriin (26. juni 1906–17. september 1995), fødd i Hof i Vestfold, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, og ein av dei første kvinnelege statsrådane i Noreg. Ho sat i alt seks periodar på Stortinget – 24 år – og er den kvinna som har vore lengst på tinget. Ho var også ein av initiativtakarane til å gje ut den illegale avisa Fri Fagbevegelse i 1940.
Rakel Seweriin | |||
![]() Rakel Seweriin i 1946 Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum | |||
Fødd | 26. juni 1906 Hof | ||
---|---|---|---|
Død | 17. september 1995 (89 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Alf Seweriin | ||
Alle verv |
|
Regjeringa
endre- 2. november 1953 - 21. januar 1955 Statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Oscar Torp si regjering
- 21. januar 1955 - 1. august 1955 Statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering