Ralf Schumacher

Ralf Schumacher
Rschumacher2006.jpg
Nasjonalitet Tyskland Tyskland
Nummer på bilen 11
Køyrer for Toyota F1
Formel 1-karriere
Antall løp 176 (174 startar)
Vunne meisterskap 0
Sigrar 6
Pallplasseringar 27
Pole position 6
Karriere-poeng {{{Poeng}}}
Raskaste runde 7
Første løp Australia Grand Prix 1997
Første siger San Marino Grand Prix 2001

Ralf Schumacher (fødd 30. juni 1975) er ein tysk formel 1 utøvar. Han er bror til den sju gongar verdsmeisteren Michael Schumacher. Ralf Schumacher køyrer for Toyota F1

Ralf Schumacer har køyrd for Toyota sidan 2005.

HistorieEndra

Ralf Schumacher køyrde Go kart frå han var 3 år gamal. I 1995 byrja han med Formel 3 og Formula Nippon alt året etter.

Jordan Grand PrixEndra

Det første formel 1 løpet som Ralf Schumacher køyrde var Australia Grand Prix i 1997. Han køyrde då med ein Jordan-Peugeot der han måtte bryta. Dei fleste løpa den sesongen enda med at Schumacher måtte bryta og samanlag enda han på ein ellevteplass. Likevell kom han på podiumet alt i tredje løpet den sesongen. Den neste sesongen bytta Jordan til motorar frå Honda og Schumacer fekk vist at han verkeleg hadde potensiale då han hamna på andre plass bak lagkameraten Damon Hill i eit regntungt Belgia Grand Prix, der både favoritt Häkkinen, storebror Michael og mange andre rauk ut. Det viste seg seinare at ein stallordre frå Jordan hadde hindra Ralf i å ta sigeren sjølv.

WilliamsEndra

I 1999 skifta Ralf Schumacher til laget Williams-Supertec og hamna på podiumet 3 gonger. Med den nye kraftigare BMW motoren var året 2000 for mange ei skuffelse ettersom Schumacer ikkje greidde meir enn å kopiere antallet podium frå året føre. 2001 sesongen vart betre, med 3 sigrar ved San Marino Grand Prix, Canada Grand Prix og Tyskland Grand Prix. I 2002 vann Ralf Malaysia Grand Prix i ein sesong der storebror michael og Ferrari regjerte pallen fullstendig. 2003 var den beste sesongen til Ralf Schumacer som vann to løp og hamna på ein femte plass i samandraget. Med resultata til lagkameraten Juan Pablo Montoya vart dette og ein bra sesong for Williams, som vart nummer to i konstruktørmeisterskapet for andre gong på rad. 2004 sesongen var tøff for Ralf Schumacer. I USA Grand Prix punkterte Ralf Schumacer i 290 km/t og enda i ein murvegg. Dermed var han ute av formel 1 for nær resten av sesongen.

Toyota F1Endra

Året etter køyrde Ralf Schumacer for Toyota. Ved treninga framføre USA Grand Prix kræsja Ralf Schumacer på nesten den same måten og på same stad, noko som enda med farsen der eit sjokka publikum såg 7 av 10 lag køyre inn i pit-leiren og parkere etter oppvarmingsrunden, før løpet hadde starta. Ralf Schumacer var tilbake alt runden etter. Og det var resten av sirkuset og. To gongar hamna Schumacer på tredjeplass.

Ved 2006 sesongen var Ralf Schumacer berre ein gong på pallen, med ein tredjeplass. Mange gongar var han i nærleiken, før han måtte bryta. Ved den pågåande 2007 sesongen har Ralf Schumacer enno ikkje enda i nærleiken av pallen, ved 11 av 17 løp.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ralf Schumacher


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen