Formel 1, forkorta F1 (engelsk Formula One), er den øvste klassen i motorsport som vert regulert av Fédération Internationale de l'Automobile (FIA). Med ordet Formel meiner ein eit sett av reglar som både bilar og utøvarar må oppfylle.

Formel 1


Skipa1950
Adm.dir.Stefano Domenicali (1. januar 2021)
Nettstadhttps://www.formula1.com
Formel 1-feltet kort etter starten i Grand Prix på Indianapolis-bana i USA i 2003

Kvart år sidan 1950 har verdsmeisterskapen Formel 1 gått føre seg ved ei rekkje løp, kalla Grand Prix, på ei rekkje motorbaner rundt om i verda. Unntaket er Monaco Grand Prix og Melbourne Grand Prix som går føre seg på stengde byvegar. Ved slutten av kvart løp vert dei tre beste sjåførane premiert. Poeng vert rekna ut både til dei som køyrer og til bilkonstruktørane.

Når alle løp er køyrde ved slutten av sesongen, vert den utøvaren som har sanka flest poeng kåra som verdsmeister, det same gjeld for bilkonstruktørane. Det er difor stor prestisje blant bilfabrikantar å delta i og vinne Formel 1, og sporten er verdas dyraste motorsport.

Formel 1 er ein særs populær sport i fjernsyns-samanheng, og løpa vert sett av mange millionar menneskje i mange land. Bilane konkurrerer i særs høge hastigheiter, ofte over 300 km/t, og førarane vert utsett for store G-krefter i svingane og ved innbremsing. Regelsettet i Formel 1 legg ei rekkje restriksjonar på både bilar og førarar, for å halde dei stadig aukande hastigheitene på eit samtidig trygt nivå.

Formelbilane endre

 
Brabham-BMW BT 54 frå 1985.

Bilane som vert brukte i Formel 1-løpa er einseters opne bilar med friliggjande hjul. Føraren av bilen er plassert framføre motoren. Understellet er laga av karbonfiber, som er lett, men samtidig er det stivt og sterkt. Etter regelverket skal heile bilen, førar, motor og drivstoff inkludert, ikkje vege mindre enn 600 kg. [1]

Tradisjonelt er sporten staden der verdas største bilfabrikantar, som Ferrari og Mercedes, konkurrerer om å utvikla den beste bilen. Ved sida av dei store bilfabrikantane finst det og privateigde lag. Desse laga konstruerer sine eigne bilar, men har som regel motorar levert frå bilfabrikantar. Kjende private lag som har gjort det stort innan F1, er McLaren og Williams.

Motor endre

 
Renault V8 motor frå 2006, om lag 2 400 omdreiingar per minutt.

Spesifikasjonane for motorane har endra seg ein god del gjennom åra. Dagens motorar er 1,6 liters V6 motorar, med turbo. Motorane kan køyrast opp til 15 000 omdreiingar. [2] Frå og med 2009-sesongen er reglane slik at motoren skal halde i tre løp. Byter ein motor før denne tida, må føraren av bilen starte neste løp 10 plassar lenger bak, enn det ein kvalifiserte for. [3]

Bilane i Formel 1 får ikkje ha eigne innebygde startsystem, men må startast av utstyr anten i pit-leiren eller ved startoppstillinga.

I dag er det vanleg at fleire lag køyrer med same motor. Mercedes leverer til dømes motorar til Williams-racing i tillegg til seg sjølv. Dette gjer motorleverandørane for å få inn meir data til å utvikle motorane med, men også for å tene pengar. På same tida slepp mindre lag tid og utgifter på utvikle sine eigne motorar

Dekk endre

Dekka har stor betydning for farten og køyreeigenskapane til bilen. Dagens dekk i Formel 1 skal bruke mønsterlause dekk (såkalla slicks), med mindre det er regn.

I byrjinga var det fire forskjellige dekkprodusentar som leverte dekk til dei ulike Formel 1-laga: Dunlop, Firestone, Pirelli, Englebert. Etterkvart har dekkprodusentar kome til og falle frå. Frå 1999 var Bridgestone og Michelin dei einaste dekkleverandørane, fram til 2007-sesongen då FIA bestemte at det berre skulle vere ein leverandør til alle laga, for å spare kostnader innan sporten. Dekkleverandørar fekk moglegheita til å søkje om å få levere dekk. Michelin hadde alt i 2005 bestemt seg å få trekkje seg ut etter 2006-sesongen og leverte såleis ikkje inn noko søknad. Dei siste årane er det Pirelli som har stått for dekka.

 
Dekk frå Bridgestone.
Dekkfabrikant Land Årstal
Avon   Storbritannia 1954, 1956-1957, 1959, 1981
Bridgestone   Japan 1976-1977, 1997-2008
Continental   Tyskland 1954-1955, 1958
Dunlop   Storbritannia 1950-1970, 1976-1977
Englebert   Belgia 1950-1958
Firestone   Sambandsstatane 1950-1960, 1966-1974
Goodyear   Sambandsstatane 1967-1998
Michelin   Frankrike 1977-1984, 2001-2006
Pirelli   Italia 1950-1958, 1981-1986, 1989-1991

Aerodynamikk endre

Bilane si evne til å ta svingen vert i stor grad avgjord av det aerodynamiske marktrykket som presser bilen ned mot bana. For å oppnå eit optimalt marktrykk, har bilane vinger framfor framhjula og også bak på bilen.

Utøvarane endre

 
Michael Schumacher har vorte verdsmeister i Formel 1 heile sju gongar.

Formel 1 utøvarar må ha ei veldig god fysisk og psykisk helse. Ein må dessutan også ha ein superlisens frå FIA for å kunne køyre. FIA gjev ut superlisensar ved etterspørsel. Det er likevel ikkje opp til kven som helst å få ein superlisens. Reglementet krev at søkjaren må anten vere regjerande verdsmeister i ei lågare motorport, til dømes innan Formel 3 eller GP2 Serien (tidlegare kjend som Formel 3000) eller fullført godt jamnt over.

Dessutan kan utøvarar frå Champ Car eller Indy Racing League søkje om superlisens om dei har fullført som nummer seks eller betre i førarmeisterskapen der. Dette vart gjort mogleg slik at amerikanske motorsportutøvarar kan delta utan å måtte byrje i dei lågare FIA-regulerte klassane.

Berre ved heilt spesielle tilfelle vert ein superlisens gjeve ut utanfor desse kriteria. Dette for å sikre at utøvarar har dei naudsynte ferdigheitene og ikkje er ein fare for andre deltakarar

Dei fleste av utøvarane i Formel 1 sluttar rundt midten av 30-åra. Mange vel å fortsetje i motorsportsgreiner som er mindre fysisk utfordrande. Både Gerhard Berger og Alain Prost har etter at utøvarkarrieren tok slutt, returnert til Formel 1 som eigarar av sine eigne Formel 1-lag.

Løpa endre

 
Kart overt Silvertstone bana i England.

Eit Formel 1 løp, ofte kalla Grand Prix, går føre seg ved å køyre eit visst tal rundar, som ofte er på ei lukka asfaltert bane. Start og mållinja er ved ei rett strekning, deretter føl som regel pit-leiren, der bilane skifte dekk og gjere andre justeringar på bilen som kan vere naudsynt. Elles varierer dei ulike banene både i lengda og i utforminga av bana.

Bakgrunnsstoff endre


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen
Vinnarar av førarmeisterskapen i Formel 1

1950 G. Farina
1951 J. M. Fangio
1952 A. Ascari
1953 A. Ascari
1954 J. M. Fangio
1955 J. M. Fangio
1956 J. M. Fangio
1957 J. M. Fangio
1958 M. Hawthorn
1959 J. Brabham

1960 J. Brabham
1961 P. Hill
1962 G. Hill
1963 J. Clark
1964 J. Surtees
1965 J. Clark
1966 J. Brabham
1967 D. Hulme
1968 G. Hill
1969 J. Stewart

1970 J. Rindt
1971 J. Stewart
1972 E. Fittipaldi
1973 J. Stewart
1974 E. Fittipaldi
1975 N. Lauda
1976 J. Hunt
1977 N. Lauda
1978 M. Andretti
1979 J. Scheckter

1980 A. Jones
1981 N. Piquet
1982 K. Rosberg
1983 N. Piquet
1984 N. Lauda
1985 A. Prost
1986 A. Prost
1987 N. Piquet
1988 A. Senna
1989 A. Prost

1990 A. Senna
1991 A. Senna
1992 N. Mansell
1993 A. Prost
1994 M. Schumacher
1995 M. Schumacher
1996 D. Hill
1997 J. Villeneuve
1998 M. Häkkinen
1999 M. Häkkinen

2000 M. Schumacher
2001 M. Schumacher
2002 M. Schumacher
2003 M. Schumacher
2004 M. Schumacher
2005 F. Alonso
2006 F. Alonso
2007 K. Räikkönen
2008 L. Hamilton
2009 J. Button

2010 S. Vettel
2011 S. Vettel
2012 S. Vettel
2013 S. Vettel
2014 L. Hamilton
2015 L. Hamilton
2016 N. Rosberg
2017 L. Hamilton
2018 L. Hamilton
2019 L. Hamilton

2020 L. Hamilton
2021 M. Verstappen