Rambouillet
Rambouillet er ein kommune i dei sørvestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 44,3 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yvelines.
Rambouillet | |||
---|---|---|---|
Kyrkja i Rambouillet | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Yvelines | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 35,19 km² | ||
Flatevidd - By |
35,19 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
24 900 708/km² | ||
Koordinatar | 48°39′N 01°50′E / 48.650°N 1.833°E | ||
Høgd over havet | 142 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 78120 | ||
Heimeside: www.rambouillet.fr |
Rambouillet er kjend for den store Rambouilletskogen, i tillegg til Château de Rambouillet, som har vore vertskap for fleire internasjonale toppmøte. Sidan han ligg nær både Paris og Versailles har Rambouillet stundom vore sete for regjeringa.
Historie
endreRambouillet var i søkelyset under Kosovokrigen då partane møttest her i lag med NATO. Møte skulle gjere slutt på krisa, der Kosovo skulle få sjølvstyre, dei jugoslaviske paramilitære styrkane skulle legge ned våpna og NATO sin fredsstyrke skulle få lov å kome inn i Kosovo. Dei jugoslaviske styresmaktene nekta derimot å skrive under på Rambouillet-avtalen, og ville utsetje sjølvstyre til Kosovo. Dette starta Kosovokrigen og NATO sin reaksjon på at Jugoslavia ikkje skreiv under var å bombardere Jugoslavia mellom mars og juni 1999.