Ramvatn er eit vatn som ligg i Valle kommune i Agder fylke. Vatnet ligg i fjelltraktene mellom Setesdal og Fyresdal som òg vert kalla Setesdal Østhei. Ramvatn ligg rett nord for Straumsfjorden. Nord i vatnet finn vi innløpet Ramvassåne som kjem frå Lisle Ramvatn. I sørenden finn vi utløpet som går vidare ned i Fossevann. I lia aust for Ramvatn ligg Straumsgruvene. Vatnet ligg 776 meter over havet og har eit areal på 32,3 hektar.

Ramvatn
innsjø
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Valle
Høgd over havet 776 moh.
Areal 0,32 km²
Koordinatar 59°20′40″N 7°32′15″E / 59.34444°N 7.53750°E / 59.34444; 7.53750
Kart
Ramvatn
59°20′40″N 7°32′15″E / 59.344444°N 7.5375°E / 59.344444; 7.5375

Eigedomsfordelinga i dette området har eit særpreg. Fordelinga har teke utgangspunkt i landområde og fiskevatn som to sentrale faktorar. Derfor er det ofte nokon som eig fiskevatna, medan det kan vere andre som eig strandsona rundt vatnet. Vatnet er det Torleiv Nordgarden som eig. Strandsona på austsida eig Arne Berg og Olav K. Hovet eig strandsona i vest.

Per i dag er fiskbestanden for stor, slik at fiskekvaliteten er forholdsvis dårleg. Årsaka til dette er ukjend, men mange meiner kalkingsprosjekta har skulda. VAFA har drive med kultiveringstiltak i Ramvatn.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.