Randulle

Sander Austad Dale (fødd 28. mars 1998), betre kjend som Randulle, er ein norsk youtubar som er med i YouTube-nettverket Splay Noreg. Han driv ein av Noregs største spelkanalar på YouTube med litt over 170 000 abonnentar på kanalen sin.

Randulle
Randulle.jpg
Fødd 28. mars 1998 (24 år)
Skien
Yrke youtubar, programleiar, e-sportutøvar

BiografiEndra

Dale har drive mange YouTube-kanalar, men per 2021 driv han kanalane Randulle og Dulle. Han har vore nominert i ei rekkje kategoriar i Gullsnutten, mellom anna Årets nykommar 2016 og 2017 og Årets gamer 2016 og 2017, som han vann i 2018.[1] Han legg for det meste ut spelvideoar, men tidvis publiserer han òg vloggar. Majoriteten av innhaldet hans er fotballrelatert.

Den 5. mars 2019 annonserte Odds Ballklubb på nettsidene sine at Dale hadde signert ein treårsavtale med klubben og at han frå og med då skulle representera klubben som e-sportsutøvar i turneringar.[2] Han gav seg som speler i Odd desember 2019.[3] I april 2020 kommenterte han FIFA-turneringa ePL Invitational saman med Kasper Wikestad på TV 2 Play.[4]

Etter sommaren 2021 gjekk han til TV 2 der han lagar programmet VAR-rommet, samtidig som at han er med i nokre av fotball sendingane til TV 2 Sporten, mellom anna Gullballen-sendinga i 2021.[5]

KjelderEndra

  1. Granbo, Kristin (14. april 2018), «Disse vant Gullsnutten 2018», NRK (på norsk bokmål), henta 14. april 2022 
  2. «Her er vår nye spiller», Odd, henta 14. april 2022 
  3. «Randulle gir seg», Odd, arkivert frå originalen 2022-04-11, henta 14. april 2022 
  4. AS, TV 2 (21. april 2020), «Nå kan du se Premier League-stjernene i aksjon igjen», TV 2 (på norsk), henta 14. april 2022 
  5. «VAR-rommet», TV 2 (på norsk), henta 14. april 2022 

BakgrunnsstoffEndra