Ranvikøya
Ranvikøya er ei klipperik øy og den største øya i den sørlege delen av Rauer. Ho ligg i nordenden av Ranvik, kring 3 nautiske mil (6 km) nordvest for Browns Glacier. Ho vart kartlagd av norske kartografar, som trudde ho var landfast, frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37). Dei gav staden namnet «Ranviktangen», etter vika like ved. Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) godtok tilrådinga til John H. Roscoe frå 1952 om å endre det norske namnet til Ranvik Island. Då Roscoe undersøkte området frå flyfoto teken av U.S. Navy Operation Highjump (1946–47) oppdaga han at det var snakk om ei øy.
Ranvikøya | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Rauer i Antarktis | ||
Koordinatar | 68°54′S 77°50′E / 68.900°S 77.833°E | ||
Lengd | 3 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ranvikøya 68°54′00″S 77°50′00″E / 68.9°S 77.8333°E | |||
Sjå òg
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ranvik Island» (innhald frå Geographic Names Information System).