Rapping

(Omdirigert frå Rapp)

Rapping er rytmisk snakking, gjerne på rim, som kan framførast saman med ein beat eller ein annan musikalsk bakgrunn som ofte kan lagast gjennom sampling, scratching og mixing. Teknikken er ein viktig del i hiphopmusikk og i slekt med diktforma spoken word.

Rap-døme av MC Shadow frå 1989, laga opp att i 1991.
Rap av SteveO Stoner produsert av Diz'P i 2014.

Rapping blei fyrst kjend seint på 1970-talet.[1] Røtene kan førast tilbake til militant black poetry, dikting knytt til rørsla for svarte rettar som særleg er knytt til 1960-talet, og til jamaicanske musikkformer som dub og reggae.[2] Han var opphavleg ei stilisert taleform brukt av unge afroamerikanarar, og blei teken i bruk av MC-ar (master of ceremonies) ved gatefestar for å introdusera DJ-en (disc jockey) for publikum. Denne talen kunne framførast til bakgrunnsmusikk eller rytme.[1] Teknikken utvikla seg vidare i danselokale og klubbar i USA på 1980-talet. Han kunne visa fram evnene til rapparen og fyra opp publikum.[3]

Raptekstar kan vera improviserte eller skrivne før framføringa. Dei kan ofte ha provoserande innhald knytt til sex, vald, rasisme, kvinnehat og homofobi. Særleg såkalla gangsta rap vektlegg vald.[1] Tekstane kan også ha politisk innhald.[4][5]

Nokre av dei best kjende rapparane i 2000-åra er Jay-Z, 50 Cent, Dr. Dre, Snoop Dogg, Tupac og Eminem. I Noreg er Karpe Diem, Paperboys, Klovner i Kamp, Tungtvann, OnklP og Gatas Parlament kjende namn.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Wilton, Peter (1. januar 2011). Alison Latham, red. rap. The Oxford Companion to Music (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-957903-7. doi:10.1093/acref/9780199579037.001.0001/acref-9780199579037-e-5492. 
  2. Kennedy, Joyce; Kennedy, Michael; Rutherford-Johnson, Tim, red. (21. mai 2013). «rap» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-957810-8. doi:10.1093/acref/9780199578108.001.0001/acref-9780199578108-e-10308. 
  3. Birch, Dinah, red. (1. januar 2009). «rap» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280687-1. doi:10.1093/acref/9780192806871.001.0001/acref-9780192806871-e-6306. 
  4. «Voting to the beat - Why rap matters in politics | University of Westminster, London», www.westminster.ac.uk, henta 26. mai 2021 
  5. JayQuan (11. november 2020), «Fight The Power: The Politics Of Hip-Hop | uDiscover», uDiscover Music (på engelsk), henta 26. mai 2021 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.