Rytme (frå gresk rhythmós, 'flyt') er noko som gjentek seg i eit bestemt mønster over tid. Omgrepet blir særleg brukt innan musikk og dans, men er òg viktig innan dikting, tale og språkvitskap. Gjentakande mønster som gjeld dagleglivet, til dømes vekslinga av årstider eller døgnrytmen av svevn og vake, blir òg omtala som rytmar.

Rytme i musikken endre

I musikken bruker ein omgrepet på to litt ulike måtar:

  • Som nemning på fenomenet rytme, som musikalsk parameter, som ein del av korleis ein opplever musikken.
  • Som namngjevne, fastlagte rytmar, til dømes marsj, tango eller vals

Ulik rytmeutføring gjev ulike kvalitetar til musikken. I vestleg musikktradisjon er som regel rytmen eit tidsavgrensa, stadig tilbakevendande mønster over ein taktart. Når takten er forskjellig, dvs. at taktslaget har ulik varigheit, kan ein utføra same rytme i forskjellig tempo. Ein rytme som ikkje aksentuerer taktslaga, men systematisk kjem imellom, kallar ein synkopert. Ikkje-vestleg musikk bruker additiv rytme i større grad. I afrikansk musikk blir polyrytme mykje brukt. Uansett er rytme eitt av dei viktigaste parametrane i musikken, og somme kallar musikk rytmisert lyd.

Kjelder endre