Rashnu
Rashnu er namnet til guddomen for rettferd i parsismen. Namnet tydde ein gong berre 'dommar', og viste ei av Ahura Mazda sine roller, men blei persongjord i seinare tider.
Isaman med Mithra, som er guddomen for sanning, og Sraosha, som er ikjøtinga av Mazda sitt ord, er Rashnu ein av dei tre dommarane som dømmer over sjelene til menneske. Han står på ei bru med ei skålvekt i gull, der han veg opp gjerningane til alle sjelene som kjem til han.
Den 18. dagen av kvar månad i dei parsiske kalendrane er vigsla til Rashnu.