Opna hovudmenyen
Rettferdsgudinna med tre sentrale symbol for rettferd: sverdet, vekta og bind for auga.

Rettferd er eit omgrep som står sentralt i all moral, rettsorden og religion, så vel som dagleglivet.[1] Det finst ikkje nokon allmenngyldig definisjon av omgrepet, og det finst eit mangfald av teoriar og definisjonar av kva som er rettferdig innan skjønnlitteratur, filosofi, politikk, teologi og antropologi.[2]

HistorieEndra

Rettferd er ein av dei fire klassiske kardinaldydane, og John Rawls hevdar at ”Rettferd er den viktigaste dyden for sosiale institusjonar, slik sanning er det for system og tankar".[3]

I antikken vart rettferd alltid logisk, eller etymologisk, sett opp mot urettvise. Etter andre verdskrigen utfordra fleire denne dualismen, sidan rettferd skil frå seg gjevmilde, nestekjærleik, nåde, sjenerøsitet eller medkjensle – sjølv om desse ofte sjåast i samanheng med rettferd.[treng kjelde]

ForståingEndra

Klassisk liberalisme ser på likskap for lova som eit viktig prinsipp for å oppnå rettferd. John Locke meinte at rettferd har utgangspunkt i naturretten, og at rettferd er at individ eller grupper skal få som fortent. Rettferdig fordeling, og sosial rettferd er syn på rettferd som pregar delar av politikken. Karl Marx såg på det å ”yta etter evne, motta etter behov” som rettferd, medan meritokratar meiner at å motta i samsvar med arbeid og evne er meir rettferdig. Andre ser på rettferd som gudgjeve, som eit harmonisk tilhøve, eller som ein sosial kontrakt. Utilitaristar som John Stuart Mill ser på det valet som gjev best resultat - er mest rettferdig, og at rettferd slik er underordna resultatet.

Forståinga av rettferd vert påverka av kulturen, historie, mytologi og/eller religion. Etikken til kvar kultur utformar verde som påverkar oppfatninga av rettferd. Forsking viser at at oppfatninga til barn av rettferd vert endra med alderen.[4]

Den danske rettsfilosofen Alf Ross seier at dersom rettferd vert sett på som synonymt med likskap, og ”dei like skal verta likt handsama”, så kan rettferd sjåast på som ein subjektiv kjensle.

LitteraturEndra

  • Lars Fr. H. Svendsen Rettferd Civita 2014
  • John Rawls Rettferd som rimelighet: ein reformulering innleiing ved Andreas Føllesdal, redigert av Erin Kelly, omsett av Kai Swensen Pax 2003 ISBN 82-530-2432-0
  • Richard Wilkinson og Kate Pickett Ulikhetens pris: kvifor likare fordeling er betre for alle omsett av Poul Henrik Poulsson Vert reitt Publica 2011 ISBN 978-82-8226-029-9
  • Beatrice Halsaa og Anne Hellum [red.] Rettferd Universitetsforlaget 2010 ISBN 978-82-15-01556-9

ReferansarEndra

  1. «Rettferdighet». 
  2. «Hva er rettferdighet». 
  3. John
  4. «Rettferdighet i endring».