Rasmus Hansen
Rasmus Hansen (1797–12. mai 1861) var ein norsk sakførar og politikar frå Oppdal.
Rasmus Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1797 Oppdal |
Død |
12. mai 1861 (63 år) |
Yrke | advokat, politikar, dommar |
Språk | norsk |
Rasmus Hansen var frå garden Snorroeggen i Oppdal. I yngre år var han nokre år kontorist hos futen i Skogn i Nord-Trøndelag. Han tok så i 1822 norsk juridisk eksamen og var underrettsprokurator i «Nordre Trondhjem», busett i Skogn. Frå 1848 var han sorenskrivar i Nordre Gudbrandsdalen til han døydde.
Hansen var den fyrste ordføraren i Skogn. Både i 1839, 1842 og 1848 vart han vald til stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt. Han var i 1839 sekretær i Næringskomite nr 1, 1842 medlem i Kyrkjekomiteen og Skysslovkomiteen og 1848 formann i Desisjonskomiteen og medlem i Adressekomiteen. Elles var han i 1842 sekretær og 1848 visesekretær i Odelstinget.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914