Rasskazovo (russisk Расска́зово) er ein by i Tambov oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lesnoj Tambov, ei sideelv til Tsna, rundt 30 km aust for Tambov.

Rasskazovo
Рассказово
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Rasskazovo is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tambov oblast
Først nemnd i
Bystatus
1698
1926
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)

44 417
Koordinatar 52°40′00″N 41°53′00″E / 52.66667°N 41.88333°E / 52.66667; 41.88333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 47531
Nettstad: www.admrasskazovo.tamb.ru/

Busetnaden Rasskazovo vart grunnlagd i 1698. Han vart kalla opp etter Stepan Rasskazov, som var fødd i Morsjansk og som var den første nybyggjaren i området. Frå 1700- til tidleg på 1900-talet var Rasskazovo kjend for husfliden sin, som strikking, garving og produksjon av vokslys og såpe. I 1753 vart det bygd ein tekstilfabrikk og seinare eit fargeri. Rasskazovo fekk bystatus i 1926.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.