Tambov (russisk Тамбо́в) er ein by og administrativt senter i Tambov oblast i Russland. Han ligg ved elva Tsna, 420 km søraust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 280 000 innbyggjarar.

Tambov
Тамбов
Byåpenet til Tambov
Byvåpenet til Tambov


Plassering
Tambov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tambov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1636
1636
Borgarmeister Pjotr Tsjrnojvanov
Geografi
Flatevidd
 - By

91 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

281 800
  3 096,7 /km²
Koordinatar 52°43′0″N 41°26′0″E / 52.71667°N 41.43333°E / 52.71667; 41.43333
Høgd over havet 130 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 392000–392038
Retningsnummer (tlf) (+7)4752
Nettstad: cityadm.tambov.ru

Namnet «Tambov» har opphav i eit ord på moksja (eit finsk-ugrisk språk) som tyder 'våtmark'.

Historie endre

 
Katedral i Tambov
 
Bru over Tsna

Byen vart grunnlagt etter ordre frå tsar Mikhail I av Russland. Han vart opphavleg bygt som ei grensefestning mot krim-tatarene, men Tambov vart raskt mindre viktig som ein militær utpost av Storfyrstedømet Moskva og vart i staden eit administrativt og handelssenter for ein stort sett landleg region i Keisardømet Russland.

Roman Boborykin, tsaren sin hofftenar (stolnik) og vojvod vart den første byggaren i byen. Takka vere erfaringa hans vart bygginga av festninga raskt fullført.

I 1781 godkjente Katarina den store byvåpenet, som viser ein bikube som symboliserer dei hardt arbeidande innbyggjarane. I mars 1786 vart den vanæra russiske diktaren og politikaren Gavrila Derzjavin utnemnd til guvernør av Tambov gubernija, ei stilling han heldt til desember 1788. Men under den korte perioden fekk han utretta mykje. Utviklinga til byen heldt fram og det vart grunnlagd eit teater, ein høgskule, ein danseskule, eit trykkeri, ei avis, eit orkester og eit teglverk. Eit monument for Derzjavin vart seinare oppført i Tambov.

I november 1830, under koleraopprøret i Russland gjekk innbyggjarane i Tambov til åtak på guvernøren, men dei vart snart nedkjempa av styrkar frå hæren.

På 1800-talet voks Tambov til å verte eit viktig kulturelt senter og mange skular, bibliotek og andre institusjonar vart skipa der. I 1897 nådde innbyggjartalet 50 000.

Mellom 1920 og 1921 vart området rundt Tambov åstad for Tambovopprøret, ein bitter kamp mellom lokale innbyggjarar og den raude armeen til bolsjevikane.

Næringsliv endre

Tambov er i dag eit viktig russisk industrisenter.

Kultur og utdanning endre

Tambov Kunstgalleri husar ei svær samling av russiske og vesteuropeiske kunstnarar. Det eldste dramateateret i Russland ligg i Tambov, samt to universitet, to militære høgskular, ein musikkskule, eit lokalhistorisk museum og andre kulturinstitusjonar.

Kjende personar frå Tambov endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre