Rathajatra (sanskrit, ‘vogn-reise’) er ei hinduhøgtid feira til ære for Djagannath, ei form av Krisjna, og tilbakekoma hans til Vrindavan. Høgtida blir feira den andre dagen av den lyse delen av månaden asjadha, anten i juni eller juli i den vestlege kalenderen.

Rathajatrahøgtida i Puri i 2007.
Foto: G.-U. Tolkiehn
Rathajatrahøgtida i Puri på 1800-talet, måla av James Fergusson.

Markeringa er størst i den heilage byen Puri i Orissa, der ein lagar og køyrer kjempemessige trevogner for gudebileta av Djagannath, broren hans Balarama og søstera Subhadra gjennom byen. Vognene veg fleire titals tonn og blir bygde nye kvart år.

Rathajatra blir også feira over 200 andre stader i verda, ofte i regi av Hare Krishna-rørsla.[1]

Høgtida har gjeve opphav til det engelske ordet «juggernaut» (frå Djagganath) om eit stort og tungrodd prosjekt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre