Sanskrit (endonym संस्कृतम् saṃskṛtam) er eit gammalt språk som høyrer til den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir brukt i dag i religiøs (hinduisk) samanheng, mest i bøner, men ein har òg skrive religiøse og filosofiske tekstar og store litterære verk på språket.

Sanskrit
संस्कृतम् saṃskṛtam
Klassifisering Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   sanskrit
Bruk
Tala i Asia
Område India og ein del andre stader i Sør-Asia og Søraust-Asia
Sanskrittalande i alt 6.100 (folketeljing 1981)
Rangering Ikkje topp 100
Skriftsystem Fleire, i dag hovudsakleg devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i India
Normert av -
Språkkodar
ISO 639-1 sa
ISO 639-2 san
ISO 639-3 san

Historie endre

Sanskrit har alltid vore eit ynda forskingsspråk for språkvitarar, både indiske og vestlege. Det inneheld mellom anna ei rekke ord som liknar på moderne ord i andre indoeuropeiske språk. Sanskrit er òg eit kasusspråk som kan minna om gammalgresk og latin.

Samanlikning av ord frå sanskrit, gammalgresk, latin og norrønt. Ord som ikkje er etymologisk beslekta med sanskritorda, står i parentes.
Sanskrit Gammalgresk Latin Norrønt
अद- ad- ἔδ- éd- ed- et- 'eta'
अज्रः ajraḥ ἀγρός agrós ager akr 'åker'
अश्वः aśvaḥ ἵππος híppos equus jór 'hest'
भ्रातृ bhrātṛ φράτηρ phrátēr[1] frāter bróðir 'bror'
दंतः daṃtaḥ ὀδόντ- odónt- dent- tǫnn 'tann'
दुहितृ duhitṛ θυγάτηρ thugátēr (fīlia) dóttir 'dotter'
द्वौ dvau δύο dúo duo tveir 'to'
मातृ mātṛ μήτηρ mḗtēr māter móðir 'mor'
पादः pādaḥ ποδ- pod- ped- fótr 'fot'
पितृ pitṛ πατήρ patḗr pater faðir 'far'
सूनु sūnu υἱός huiós (fīlius) sonr 'son'
स्वसृ svasṛ (ἀδελφή adelphḗ) soror systir 'syster'

Tidlegare trudde ein at språket var det eldste ein kjende til innan den indoeuropeiske språkfamilien, men ein har sidan funne ut at hettitisk er eldre. Sanskrit er likevel det eldste indoeuropeiske språket me har ein utfyllande litteratur for, og er truleg òg det eldste som fortsatt er i bruk.

Opphav og utvikling endre

 
Manuskript på sanskrit skrive med bhujimolskrift i Bihar eller Nepal1000-talet.

Sanskrit stammar frå vedisk, språket til det vediske folket, som kom til India nokre tusen år f.Kr. Språket slik det eksisterer i dag har alltid vore eit språk for dei lærde. Det blei skildra av grammatikaren Pāṇini på 300-talet f.Kr. under namnet संस्कृतभाषा saṃskṛtabhāṣā, som tyder 'kultivert språk'. Han skilde med dette språket han skildra frå folkespråka, som han kalla प्राकृतभाषा prākṛtabhāṣā, eller 'vanleg språk'. På mellom anna hindi blir संस्कृत saṃskṛta uttala [sǝ̃skrit], som er opphavet til namnet på språket i europeiske språk, sanskrit. Prakrit blei omgrepet ein brukte om folkespråk som seinare utvikla seg til moderne indiske språk, som hindi, panjabi og gujarati.

Språket er blitt noko påverka av talespråka, men har òg sjølv påverka dei. Ein vil finna lånord frå sanskrit i dei fleste indiske språka, også dei dravidiske, som ikkje er i slekt med det. Også ikkje-indiske språk, som thai og tagalog, inneheld lånord frå sanskrit grunna kontakt med hinduar i tidlegare tider.

I nyare tid er det òg teke inn mange sanskritord i offisiell hindi, for å reinska ut påverking frå urdu, og markera eit skilje til dette elles så like grannespråket.

Skrift endre

 
Sanskrit-setninga «Sjiva signe dei som finn åtgaum i gudespråket.» skrive med ulike indiske skrifttypar.

I dag skriv ein helst sanskrit med देवनागरी devanāgarīskrift, men denne bruken tok først til på 1100-talet og blei ikkje standard før på 1700-talet. Før dette hadde ein gjerne brukt nāgari, ei tidleg form av devanāgarī, शारदा śāradā og मोडी moḍī.

Kjerneområde for særskilde språk brukte sine eigne skriftspråk, til dømes bengali i aust og kannada i sør. Tamilske brukarar av sanskrit utvikla granthaskrifta frå det tamilske alfabetet.

Fonologi endre

Konsonantar endre

Sanskrit har desse konsonant-fonema. I kvar rute i tabellen er konsonanten fyrst skriven med devanāgarī, deretter, i feite typar, med IAST (International Alphabet of Sanskrit Transliteration) og til slutt, i hakeparentesar, med IPA-transkripsjon.

Labial Alveolar Postalveolar
apikal
Postalveolar
laminal
Dorsal Glottal
Plosiv ustemd uaspirert p [p] t [t̻] [ʈ] c [ʧ] k [k]
Plosiv ustemd aspirert ph [pʰ] th [t̻ʰ] ṭh [ʈʰ] ch [ʧʰ] kh [kʰ]
Plosiv stemd uaspirert b [b] d [d̻] [ɖ] j [ʤ] g [g]
Plosiv stemd aspirert bh [bʱ] dh [dʱ] ḍh [ɖʱ] jh [ʤʱ] gh [gʱ]
Nasal m [m] n [n̻] [ɳ]
Frikativ s [s̻] [ʂ] ś [ʃ] h [ɦ]
Rotikon r [ɾ]
Approksimant v [ʋ] l [l̻] y [j]

Vokalar endre

Sanskrit har tre korte monoftongar, fem lange monoftongar og to diftongar. I kvar rute i tabellen er konsonanten fyrst skriven med devanāgarī, deretter med IAST (International Alphabet of Sanskrit Transliteration) og til slutt med IPA-transkripsjon.

Korte monoftongar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong i [ɪ] u [ʊ]
Midtre
Open a [a]
Lange monoftongar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong ī [iː] ū [uː]
Midtre e [eː] o [oː]
Open ā [aː]
Diftongar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Frå open til trong ai [aɪ] au [aʊ]

Syllabiske konsonantar endre

Sanskrit har tre syllabiske konsonantar, dvs. konsonantar som fungerer som kjerne i stavinga, nemleg dei tre likvidane [r̩], ऋृ [r̩ː] og लृ [l̩].

Morfologi endre

Kjelder endre

  1. φράτηρ phrátēr tyder 'medlem i slekt, stamme'. 'Bror' heiter ἀδελφός adelphós.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediasanskrit