Raudforskuving

(Omdirigert frå Raudforskyving)

Raudforskuving eller raudforskyving er ei lenging av elektromagnetiske bølgjer. Lenginga kan henda grunna dopplereffekt, ekspansjonen til universet eller gjennom passering av tyngdefelt.

Raudforskuving vil få bølgjelengdene til å gå mot høgre på denne framstillinga av det elektromagentiske spektrumet
Abosorpsjonslinjer i eit spektrum av ein fjern superhop (høgre) samanlikna med absorpsjonslinjer i eit spektrum av sola (venstre). Piler indikerer raudforskuvinga.

Når universet ekspanderer, vil galaksar lengre borte ha større raudforskuving (z) av di dei er på veg bort frå jorda med ein større fart enn det galaksane som ligg nærare er. Slik vil òg lysbølgjene verta strekte meir ut, som i dopplereffekten. Motsett av raudforskuving er blåforskuving, som til dømes hender når eit objekt er på veg mot ein.

Dei mest raudforskovne fotona finn ein i den kosmiske bakgrunnsstrålinga, der fotona har vore på veg sidan universet vart gjennomsynleg rundt 300 000 år etter Big Bang. Dei har ei raudforskuving på z = 1000, noko som tyder at dei er vortne strekte 1000 gonger under den 13 milliardar år lange ferda.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «redshift» s. 336-337 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.