Superhopar er enorme samlingar av galaksar og galaksehopar og er blant dei største strukturane i universet. Superhopane blir haldne saman av gravitasjonskrefter mellom galaksane.[1] Superhopar kan innehalda mellom 10 til 50 galaksehopar og kanskje ha ei utstrekning på meir enn 300 millionar lysår - omtrent 100 gongar avstanden mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen.[2]

Vår eigen galakse, Mjølkevegen, er del av galaksehopen den lokale gruppa, som igjen er del av den gigantiske Virgo-superhopen.

Fotnotar

endre
  1. Astronomiordlista hos Universitetet i Oslo (UiO), arkivert frå originalen 24. desember 2001, henta 24. desember 2001 
  2. «Verdensrommet - En visuell guide til astronomi», av Mark A. Garlick, s. 182

Sjå òg

endre
  Denne astronomiartikkelen som har med galakse å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.