Opna hovudmenyen

Raul Meireles

portugisisk fotballspelar

Raul José Trindade Meireles (fødd 17. mars 1983 i Porto) er ein portugisisk fotballspelar som spelar for Fenerbahçe i den tyrkiske fotballigaen, og for det portugisiske landslaget.

Raul Meireles
Shaktar - Fenerbahçe 05 August 2015 CL Q3 5.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Raul José Trindade Meireles
Fødd 17. mars 1983 (36 år)
Fødestad Porto
Høgd 179 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fenerbahçe
Nummer 14
Ungdomsklubbar
1999-2001 Portugal Boavista
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-03
2003-04
2004-10
2010-11
2011-12
2012-
Portugal Aves
Portugal Boavista
Portugal Porto
Flag of England.svg Liverpool
Flag of England.svg Chelsea
Tyrkia Fenerbahçe
42 (1)
29 (0)
138 (15)
35 (5)
32 (2)
42 (3)
Landslag
2003-05
2006-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal
26 (2)
73 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. mars 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 5. mars 2014

Meireles begynte fotballkarrieren sin hjå Boavista i heimbyen Porto. Sommaren 2004 vart han kjøpt av topplaget FC Porto, og vart snart førsteval på midtbanen for klubben. Han var med på å vinna den portugisiske serien fire år på rad, frå 2006 til 2009, for Porto. Han var med på vinna den europeiske Meisterligaen med Chelsea i 2012. Med Fenerbahçe vart han seriemeister i Tyrkia i 2014.

Han debuterte for Portugal sitt A-landslag i 2006, og var med i troppen til fotball-EM i 2008, der han skåra eitt mål.