Opna hovudmenyen
Re Fotballklubb
Fullt namn Re Fotballklubb
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Ingen
(Kapasitet: 700)
Hovudtrenar Flag of Norway.svg Noreg Hein Irgens Henriksen
Liga 4. divisjon (2013)
Heimedrakt
Bortedrakt

Re Fotballklubb (stifta 24. november 2008) held til i Re kommune i Vestfold. Klubben blei etablert etter ei samanslåing av dei lokale klubbane Ivrig og Ramnes. Re FK overtok dermed plassen til Ivrig i 4. divisjon. A-laget i klubben spelar 2013-sesongen i 4. divisjon.

Innhaldsliste

Drakter og fargarEndra

Re sine heimedrakter er svarte med kvite striper på ermene. Dei har inga bortedrakt, av di ingen i lokalområdet spelar med svarte drakter. Det blei først bestemt at draktene skulle vere kvite, men sidan så mange lag i lokalområdet har kvite drakter, så enda det med svart. Eit anna alternativ til draktfarge var grønt og gult, som representerer fargane i kommunevåpenet til Re Kommune.

Periode Produsent Sponsor
2008– Adidas Meny

ArenaerEndra

Klubbkampane blir spelt på Bergsåsen idrettspark eller på Bibomyra. I tillegg er den nybygde Meny Arena eit alternativ på vinterstid.

KlubbrekordarEndra

  • Største siger: 10-2 mot Holmestrand, 22. juni 2010
  • Største tap: 10-1 mot Bærum 2, 5. september 2011
  • Største tilskodartal: Bergsåsen Kunstgress, 520 tilskodarar mot Teie, 30. september 2010

TrenararEndra

Hein Henriksen er trenar for Re Fotballklubb. Under er det ei liste over alle som har trent Re, frå 2008 til i dag.

Namn Nasjonalitet År
Kristoffer Aas   Noreg 2008–2009
Hein Irgens Henriksen   Noreg 2009–2010
Leif Roger Budeng-Larsen   Noreg 2011
Tore Flaatnes   Noreg 2011
Hein Irgens Henriksen   Noreg 2011-

TabellstatistikkEndra

Sesong Divisjon Kampar Sigrar Uavgjort Tap Poeng Sluttplassering
2012 4. div 20 9 1 10 28 6.
2011 3. div 26 5 2 19 17 14.
2010 4. div 22 19 2 1 59 1.
2009 4. div 22 12 3 7 39 3.

BakgrunnsstoffEndra