Rebekka

kvinnenamn

Rebekka er eit kvinnenamn av hebraisk opphav. Det har namnedag den 1. oktober.

Det hebraiske Ribqā (רִבְקָה) tyder 'snare', 'fangande'. Namnet er knytt til den jødiske matriarken Rebekka, mor til Esau og Jakob. I moderne tid er det jødiske namnet ofte skrive Rivka eller Rifka. Rebecca er den latinske forma av namnet. Kortformer er Reba, Riva, Becky og Bekka.

Namnet har tradisjonelt vore brukt blant jødar. Etter reformasjonen blei det også teke i bruk blant kristne som eit bibelsk namn. Rebekka er kjend i Noreg frå 1600-talet.

Namneberarar endre

Annan bruk endre

Rebecca er namnet på ein roman av Daphne du Maurier. Han blei filmatisert i 1940 av Alfred Hitchcock.

Kjelder endre

«Rebekka – kvinnenavn» i Store norske leksikon, snl.no.