Rebell
Rebell var Raud Ungdoms eksterne magasin fram til 2004, då det vart lagt ned av landsstyret til organisasjonen etter ein mislukka nylansering to år tidlegare.
I august 2009 vart bladet gjeve ut att, då som eit spesialnummer i høve stortingsvalet. Karna Buggeland Sælebakke var redaktør for denne utgjevinga.
Bladet hadde tidlegare namna Ungsosialisten, Røde Garde og Rute 80, fram til det tidleg på 90-talet fekk det noverande namnet.
På 70-talet gav Raud Ungdom også ut bladet Uredd, retta mot ungdomsskoleelevar.
Tidlegare redaktørar:
- Karna Buggeland Sælebakke (2009)
- Per Waage (2002-2004)
- Jørgen Strickert (1999-2002)
- Magnus Marsdal (1995-1999)
- Elling Borgersrud