Red Rock Ridge eller Morro Roca Roja eller Promontorio Roca Roja er eit kjenneleg raudfarga nes med ei høgd på 690 moh på vestkysten av Graham Land mellom Nenyfjorden og Rymill Bay. Red Rock Ridge vart kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under John Riddoch Rymill, som namngav det etter faregen. Vidare kartlegging i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) har identifisert ryggen på neset som ryggen som først vart oppdaga i 1909 og kalla «Île Pavie» eller «Cap Pavie» av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, men namnet Red Rock Ridge er no så etablert at det ikkje har blitt endra. Namnet Pavie Ridge vert nytta om sjølve ryggen som går langs 68°34′S 66°59′W / 68.567°S 66.983°W / -68.567; -66.983.

Red Rock Ridge
nes
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 •  høgd 690 moh.
 - koordinatar 68°18′S 67°08′W / 68.300°S 67.133°W / -68.300; -67.133
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Red Rock Ridge
68°18′00″S 67°08′00″W / 68.3°S 67.1333333°W / -68.3; -67.1333333
Red Rock Ridge is located in Antarktis
Red Rock Ridge (Antarktis)