Saving Private Ryan

(Omdirigert frå Redd menig Ryan)

Saving Private Ryan (norsk tittel: Redd menig Ryan) er ein amerikansk krigsfilm frå 1998, regissert av Steven Spielberg og skriven av Robert Rodat. Filmen er sett til invasjonen av Normandie under den andre verdskrigen og er kjend for den grafiske framstillinga av krigen, særleg skildringa av overfallet på Omaha-strendene under ilandstiginga i Normandie. Filmen følgjer gruppa U.S. Army Rangers, leidd av kaptein John H. Miller (Tom Hanks) og troppen hans (Tom Sizemore, Edward Burns, Barry Pepper, Giovanni Ribisi, Vin Diesel, Adam Goldberg og Jeremy Davies), under leitinga etter fallskjermsoldaten meinig James Francis Ryan (Matt Damon) som er den siste overlevande broren av fire, etter at dei tre andre brørne vart drepne i strid. Filmen var produsert under eit samarbeid mellom DreamWorks Pictures, Paramount Pictures, Amblin Entertainment og Mutual Film Company. DreamWorks distribuerte filmen i Nord-Amerika, medan Paramount gav ut filmen internasjonalt.

Saving Private Ryan
Norsk tittel: Redd menig Ryan
RegiSteven Spielberg Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Steven Spielberg, Ian Bryce, Mark Gordon, Gary Levinsohn Sjå dette på Wikidata
ManusRobert Rodat Sjå dette på Wikidata
MedverkandeTom Hanks, Matt Damon, Edward Burns, Tom Sizemore, Jeremy Davies, Adam Goldberg, Barry Pepper, Giovanni Ribisi, Vin Diesel, Ted Danson, Paul Giamatti, Dennis Farina, Nathan Fillion, Leland Orser, Harrison Young, Bryan Cranston, Harve Presnell, Martin Hub, Dale Dye, Corey Johnson, Andrew Scott, Glenn Wrage, John de Lancie, John Sharian, Kathleen Byron, Max Martini, Demetri Goritsas, Ryan Hurst, David Wohl, Joerg Stadler, Dylan Bruno, Rolf Saxon, Stéphane Cornicard, Amanda Boxer, Erich Redman Sjå dette på Wikidata
KlippMichael Kahn Sjå dette på Wikidata
MusikkJohn Williams Sjå dette på Wikidata
SjeffotografJanusz Kamiński Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapAmblin Entertainment, Mutual Film, Paramount Pictures, DreamWorks Sjå dette på Wikidata
DistributørUIP-Dunafilm, Paramount Pictures, DreamWorks Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato24. juli 1998 (USA),[1] 9. oktober 1998 (Sverige),[2] 8. oktober 1998 (Tyskland),[3] 1998
Lengd169 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening482 349 603 US-dollar (verdsfemnande),[4] 217 049 603 US-dollar (USA)[4]
SjangerKrigsfilmar, dramafilm, actionfilm Sjå dette på Wikidata

Kjelder

endre
  1. http://www.boxofficemojo.com/movies/?id=savingprivateryan.htm.
  2. http://www.sfi.se/sv/svensk-filmdatabas/Item/?itemid=37706&type=MOVIE&iv=Basic.
  3. http://www.imdb.com/title/tt0120815/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
  4. 4,0 4,1 https://www.boxofficemojo.com/title/tt0120815/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 29. april 2022.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Saving Private Ryan
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.