Redningsaksjonen i Tham Luang-grotta i 2018

Redningsaksjonen i Tham Luang-grotta, i norske medium omtalt som grottedramaet i Thailand,[1][2][3] var ein omfattande redningsaksjon i Thailand i juni og juli 2018. Aksjonen gjekk ut på å henta ut 13 menneske, eit guttefotballag og trenaren deira, som var sperra inne i ei grotte i fjellet Doi Nang Non i Chiang Rai nord i Thailand. Fjellet ligg nær grensa til Myanmar.[4]

Frå grotteinngangen under redningsaksjonen

Hendinga tok til 23. juni 2018 då tolv gutar i alderen 11–16 år og den 25 år gamle fotballtrenaren deira gjekk inn i Tham Luang-grotta etter ei fotballtrening. Kort tid etter blei dei overraska av kraftig regn som fylte grotta med vatn. Dei 13 menneska blei innesperra og tvinga til å gå lengre og lengre inn i grottesystemet utan høve til å koma seg ut.[5][6]

Same kveld blei fotballaget meldt sakna, og ein fann raskt syklane deira utanfor grotteinngangen. Lokale redningsforsøk blei hindra av aukande vasstand i grotta og sterk straum i vatnet. Redningsaksjonen utvikla seg raskt til ein omfattande operasjon med stor medieinteresse verda over.[7][8] Først ni dagar seinare, 2. juli 2018, blei det innesperra fotballaget funne i live på ein forhøging 4 kilometer inne i grotta. Dei britiske dykkarane John Volanthen og Richard Stanton klarte å finna dei etter etter å ha dykka i det grumsete vatnet og teke seg forbi fleire tronge passasjar.[9] Sidan fekk dykkarar levert forsyningar med mat, drikke og oksygen til dei innesperra. Redningsleiinga diskuterte fleire alternativ for å evakuera gruppa: læra gutane grunnleggjande dykkerferdigheiter og la dei symja ut på eiga hand; finne eller bora ein ny grotteutgang; eller vente på at vasstanden sjølv gjekk ned etter slutten av regntida nokre månader seinare.[10] Det første alternativet blei vald, med ein tidsfrist på 11. juli då det var venta eit nytt, kraftig regnvêr.[11] Undervegs pumpa redningsmannskaper ut vatn frå grotta for å prøva å halda vasstanden nede. 6. juli kravde operasjonen eit dødsoffer, då 38 år gamle Saman Kunan, ein tidlegare marinedykkar, omkom av surstoffmangel. Han var på veg tilbake til grotteinngangen etter å ha levert oksygen til fotballaget, då han sjølv gjekk tom for oksygen.[12][13]

Mellom 8. og 10. juli blei dei tolv gutane og trenaren deira henta ut i puljar av eit internasjonalt lag av redningsfolk og dykkarar. Alle overlevde hendinga utan særlege fysiske skadar, og dei blei tekne til sjukehus for grundige undersøkingar og isolasjon mot eventuelle infeksjonssjukdomar. Redningsaksjonen omfatta over 10 000 menneske – blant anna 2 000 dykkarar frå heile verda, redningsarbeidarar og representantar frå rundt hundre statlege byrå i Thailand.[14] I tillegg deltok 900 politifolk, 2000 soldatar, ti politihelikopter og sju politiambulansar. Totalt blei det brukt over 700 oksygentankar, og det blei pumpa ut rundt 1 milliard liter vatn frå grottesystemet.[15]

Hendingsforløp endre

Fotballag sakna endre

Etter ei treningsøkt laurdag 23. juni 2018, drog tolv gutar på lokale guttefotballaget «Wild Boars» og trenaren til laget på sykkeltur til grottesystemet i nærleiken. Inne i grottene blei dei overraska av ei kraftig lokal regnbye som fekk vatnet til å stiga i grottegangane. Dei 13 menneska blei dermed sperra inne i grotta utan å kunna ta seg tilbake til grotteinngangen. I staden måtte dei søka tilflukt innover grotta på grunn av stigande vatn. Til slutt fann dei ein tørr plass på ein forhøging cirka 4 kilometer inn i grotta.[5][8]

Fotballspelarane blei melde sakna same dagen, og lokale fann syklane deira utanfor grotta og sette i gang dei første redningsaksjonane. Utan å vita sikkert om dei 13 var trygge og i live, blei det etter kvart sett i gang ein omfattande redningsaksjon. Grottedykkarar frå mange land melde seg, saman med militære dykkarar frå marinekorpset i Thailand. På grunn av dei tronge passasjane i grottene ville ein redningsaksjon bli vanskeleg, og dei første dagane blei derfor brukte til å finna gruppa.[16][17] Først ni dagar seinare, 2. juli 2018, blei dei 13 funne i live av dykkarar. Same dagen kunngjorde guvernøren i Chiang Raene-fylket at dei sakna var funne og i live.[18] Dei innesperra blei funne nesten 4 kilometer frå grotteinngangen.[19]

29. juni, seks dagar etter forsvinninga, sende redningsmannskapa boksar med mat, drikke, medisin og lys innover i grottesystemet.[20] I boksane var det òg beskjedar til dei innesperra: «Viss de mottar dette, vennlegast marker på kartet kvar de er. Alle står klare for å gi dykk hjelp straks».[21]

1. juli klokka 04.00 lokal tid hadde thailandske militærdykkarar nådd fram til eit tredje kammer i grotta, og dei brukte dette som base for vidare dykking.[22] Utover i redningsaksjonen deltok rundt 200 dykkarar frå heile verda, mellom anna tre britiske dykkarar frå Derbyshire Cave Rescue Organisation.[23][24][25] Også dykkarar frå Thailand, USA, Kina, Danmark, Sverige, Australia, Laos, Japan og Myanmar deltok.[26]

Funnet endre

2. juli 2018 nådde dei britiske dykkarane Rick Stanton og John Volanthen fram til dei sakna. Dykkinga hadde byrja klokka 04.30 den morgonen, og fotballaget blei funne 21.38 om kvelden.[27][28][9] Dei britiske dykkarane uttalte at dykket var krevjande, og at vasstraumen var sterk.[29] Etter at personane blei funne, skreiv The Guardian at det kunne ta veker eller månader å få personane ut av grotta. I tillegg var det fare for at grotta kunne bli overfløymt av nye regnbyer i løpet av veka.[29]

British Cave Rescue Council meinte at gruppa som var funnen, var rundt 2 kilometer inne i grotta og 800–1000 meter under bakken. Seinare blei avstanden rekna til nesten 4 kilometer.[29]

Redningsleiinga diskuterte fleire alternativ for å evakuera gruppa: læra gutane grunnleggande dykking og la dei symja ut på eiga hand; finna eller bora ein ny grotteutgang; eller venta på at vasstanden sjølv gjekk ned etter regntida nokre månader seinare.[10]

 
Redningsmannskap legg røyr for å pumpa vatn ut av grotta

Fjellboringar ville ikkje nytta, sidan ein venta meir monsunregn i løpet av få dagar. I staden pumpa redningsmannskap ut vatn frå grotta for å hindra at vasstanden inne i grotta steig. Vasspumpinga var så omfattande at risåkrar i nærleiken blei overfløymde.[30] Dykkarar blei òg sette i gang med å fjerna fjell- og lausmassar i grotta i håp om å utvida passasjane. Oksygenflasker blei tekne til depot langs dei tronge grottegangane. Under dette arbeidet fann den einaste dødsulykka under aksjonen stad, då den tidlegare marinedykkaren Saman Kunan omkom etter å ha gått tom for oksygen 6. juli.[12]

Ein medisinar blei igjen inne hos gutane, og redningsleiinga planla den kommande redningsaksjonen.[31] Dykkinga inn til dei innesperra tok mellom 4 og 6 timar.[29] Likevel gjekk ein inn for løysinga med å la gutane dykka ut saman med erfarne, profesjonelle dykkarar. Gutane skulle få såkalla heilmasker som dekka både ansikt, nase og munn.

Evakueringa endre

 
Dykkarar gjer seg klare til å dykka i grotta

Medan tre frivillige dykkarar og ein lege var i lag med dei innesperra for å førebu redningsaksjonen, og gje gutane eit minimum av symjeundervising og bruk av pustemasker, fortsette arbeidet med å tømma grottegangane for vatn. Då meteorologar meldte om stort sannsyn for større nedbørsmengder, bestemte redningsleiinga at dei 13 måtte evakuerast ut i puljar, så langt depota til dykkarane av oksygenflasker heldt.

Søndag 8. juli blei dei fire fyrste gutane redda ut; kvar i følgje med to dykkarar, og med lettare roande medisin i kroppen for å redusera faren for panikkanfall. Den første evakueringa tok nesten 11 timar, og dei fire første blei sende til sjukehus i relativt god form.

Oksygendepota måtte deretter fyllast opp igjen, og dykkarane trengte kvile. Måndag 9. juli blei endå fire gutar henta ut og tekne til sjukehus. Erfaringane frå den fyrste dagen gjorde at dykkarane sparte noko tid, og dei vedtok at dei fire siste gutane og lagleiaren alle skulle evakuerast tysdag 10. juli. Den siste evakueringa blei gjennomført etter planen. Hjelpemannskapa som var i det inste grottekammeret kunne til slutt hjelpa seg sjølv ut, med tilgang til ekstra oksygen.

Alle gutane og trenaren blei undersøkte på sjukehus og sett på isolat for å unngå spreiing av infeksjonssjukdommar. Alle 13 var i relativt god fysisk form, men dei var underernærte, medtatte og prega av situasjonen.[32]

Thailandsk politi vurderte om fotballtrenaren som tok med spelarane inn i grotta skulle siktast for lovbrot.[29] Dei pårørande avviste dette og sa at dei i staden skulda trenaren ei stor takk for at han klarte å ta vare på gutane og halda motet oppe medan dei sat innestengde i grottene.[33][34]

Kjelder endre

  1. «Grottedramaet i Thailand er over» (på norsk). 
  2. «Grottedramaet i Thailand: Fotballtreneren beklager overfor foreldrene». Dagbladet.no (på norsk). 7. juli 2018. 
  3. «Grottedramaet i Thailand: Tiden etter den massive oppmerksomheten kan bli utfordrende». Aftenposten (på norsk bokmål). 14. juli 2018. 
  4. https://www.openstreetmap.org/#map=18/20.3579087/99.8445219
  5. 5,0 5,1 Giæver, Henrik (9. juli 2018). «Grottedramaet i Thailand: Dette har skjedd». VG Nett (på norsk). 
  6. «Skulle bare være i grotta i en time. Men da var utgangen oversvømt». Dagbladet.no (på norsk). 18. juli 2018. 
  7. Selstø, Ragnhild Sofie (9. juli 2018). «Hvorfor følger vi grottedramaet i Thailand minutt for minutt?». Aftenbladet. 
  8. 8,0 8,1 «The full story of Thailand’s extraordinary cave rescue». BBC News (på engelsk). 14. juli 2018. 
  9. 9,0 9,1 «Thai rescue diver: 'We are not heroes'». BBC News (på engelsk). 12. juli 2018. 
  10. 10,0 10,1 «The cave rescuers in Thailand have three options — and they're all bad». VICE News (på engelsk). 
  11. Bruland, Roger Sevrin (10. juli 2018). «Vanningeniør i grottedramaet: – Tidsvinduet vi har nå er kritisk». NRK (på norsk bokmål). 
  12. 12,0 12,1 «Saman (38) døde under redningsaksjonen. Nå hylles han som helt». Dagbladet.no (på norsk). 6. juli 2018. 
  13. «Efforts to rescue boys from Thai cave stall as it becomes clear just how risky every method is» (på engelsk). Henta 19. juli 2018. 
  14. Suhartono, Hannah Beech, Richard C. Paddock and Muktita. «‘Still Can’t Believe It Worked’: The Story of the Thailand Cave Rescue» (på engelsk). 
  15. Dvorak, Phred; Watts, Jake Maxwell (11. juli 2018). «The Thai Cave Rescue, Before Its Triumph, Teetered on the Brink of Disaster». Wall Street Journal (på engelsk). ISSN 0099-9660. 
  16. «Seal divers push deeper into cave». Bangkok Post. 
  17. «'Friendly' weather helps rescuers progress deeper into cave». Bangkok Post. 
  18. «Boys and coach found alive in cave». Bangkok Post. 
  19. «The Thai boys and their coach are all free». NewsComAu. 
  20. Wongcha-um, Panu. «As Thai search enters seventh day, divers cling to hope of finding...». U.S. (på engelsk). 
  21. «Ber til Gud om at dykkerne finner guttene i grotten». NRK (på norsk bokmål). 
  22. «Rescue enters key phase». Bangkok Post. 
  23. «Myndighetene i Thailand trapper opp redningsarbeidet i grotten». Dagbladet.no (på norsk). 1. juli 2018. 
  24. «Boys and coach found alive in cave». Bangkok Post. 
  25. Weaver, Matthew; Gabbatt, Adam; Busby, Mattha; Rawlinson, Kevin; Lyons, Kate (3. juli 2018). «Medics reach boys trapped in Thai cave – as it happened». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  26. «ผู้ว่าฯ สั่งเดินหน้าพร่องน้ำถ้ำหลวงคืนนี้ นักประดาน้ำทีมสวีเดนถึงเชียงรายแล้ว». 25. juni 2018. 
  27. «Thai boys and teacher found alive after nine days in cave». The Independent (på engelsk). 
  28. «UK divers battle elements, find team in good spirits». Bangkok Post. 
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 Weaver, Matthew; Gabbatt, Adam; Busby, Mattha; Rawlinson, Kevin; Lyons, Kate (3. juli 2018). «Medics reach boys trapped in Thai cave – as it happened». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  30. «Water pumped from Tham Luang flooding nearby farms». Bangkok Post. 
  31. «'Many people are coming' : rescue efforts ongoing for boys trapped in Thai cave – video report». The Guardian (på engelsk). 3. juli 2018. ISSN 0261-3077. 
  32. «Boys Rescued from Thai Cave in Good Health». VOA (på engelsk). 
  33. Massola, James (9 July 2018). «'He's the one I trust': Coach praised as 'real hero' in Thai cave saga». The Sydney Morning Herald (på engelsk). Henta 15 July 2018. 
  34. Agencies (11 July 2018). «Coach Ekkapol, the unlikely stateless hero of Thai cave drama». The Straits Times (på engelsk). Henta 15 July 2018.