Refvik
Refvik er ei bygd på Vågsøy i Kinn kommune i Vestland. Ho ligg på gammal havbotn, 3–4 moh. På vestsida av Refvika ligg den fine 1,5 km lange Refviksanden. Den er kåra til Noregs finaste sandstrand. På motsett side ligg Refvikvatnet. I Refvik er det no ca. 37 hus. Fram til den store brannen i 1872 låg alle husa i klynge. Over 80 hus og 12 låvar vart øydelagde i brannen.