Vågsøy
øy i Kinn kommune
Vågsøy er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Øya utgjer grovt rekna halvparten av tidlegare Vågsøy kommune. Største tettstaden på øya er Måløy, søraust på øya, som fekk bystatus i 1997 (3 291 innbyggjarar). Andre tettstader er Raudeberg (559 innbyggjarar), Holevik (301 innbyggjarar) og Vågsvåg (0 innbyggjarar).
Vågsøy | |
---|---|
Hendanes på Vågsøy. | |
Geografi | |
Stad | Nordfjord |
Koordinatar | 61°58′09″N 05°04′59″E / 61.96917°N 5.08306°E
|
Høgaste punkt | Veten (613 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Måløy (3 291 innb.)
|
Det høgste punktet på øya er Veten, 613 meter over havet. Øya er skild frå fastlandet av Ulvesundet og er knytt til fastlandet med Måløybrua. Langs kysten av Vågsøy ligg Kråkenes fyr, Skongenes fyr og Hendanes fyr.
Frå 1910 til 1964 var øya delt mellom dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. Måløy var administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, og Raudeberg for Nord-Vågsøy.
Galleri
endre-
Refvik strand
-
Utsyn mot nord med Måløy på Vågsøy til venstre
-
Måløy