Refvikvatnet naturreservat

Refvikvatnet naturreservat er eit 520 dekar stort naturreservat sør for bygda Refvik i Kinn kommune.

Refvikvatnet med Refvik-bygda lengst til venstre.
Foto: Atle Råsberg

«Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til strandsjøen som naturtype og området sin verdi for våtmarksfugl i trekktidene.» Området vart freda 20. desember 1991. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er forvaltingsstyresmakt for området[1]

Refvikvatnet er ein strandsjø som ligg berre fire moh. Den er oppdemt av lausmasser frå havet og er ein naturtype som er svært sjeldan i Sogn og Fjordane, men òg i Noreg. Vatnet er næringsfattig, men har stor verdi som trekk- og overvintringsplass for andefuglar og vadefuglar. Det er påvist 44 fuglearter i området, men det er ønskeleg å gjera fleire undersøkingar for å få betre ornitologiske data frå området.[2]

Referansar endre

  1. Forskrift om fredning av Refvikvatnet naturreservat
  2. Refvikvatnet naturreservat i Miljødirektoratets nettstad Naturbase